Skip to content

Om Ivar Duesund

    Ivar Duesund vart fødd 3. august 1905 av Ida Halsøy. Ho var gift med Halvard Duesund.

    Tidleg fekk Ivar ein motorbåt. Under krigen brukte han båten til å frakte norske troppar og soldatar som kom frå England for å spionere i Noreg.

    7. februar 1941 blei Ivar arrestert og ført til kretsfengselet i Bergen. Litt seinare blei han flytta til Ulven. 5. oktober blei han dømd til døden og den 22. oktober blei han skoten på Ulven.

    Ivar hadde ein båt han gjekk i rutefart med. Båten tok både folk og varer. Etter at tyske soldatar kom til Noreg tok det ikkje lange tida før tyskarane skulle ha tak i motstandsfolk. Nokon ville kome seg over til England så fort som muleg. Dei spurde Ivar om å få låne båten. Snill som Ivar var, so let han dei få låne båten. Med god hjelp av norske folk, fekk dei tyske soldatane vite kven som eigde båten og kvar Ivar budde.

    Ein dag i februar kom det fleire tyske soldatar og spurde etter Ivar. Nokre soldatar held vakt utanfor og nokre kom inn. Mens soldatane leita etter Ivar heime i Duesund, var Ivar på vedhogst i Bergsvikmarka i lag med ein nabo. Ein annan nabo greidde å lure seg avgarde for å gje beskjed til Ivar so han kunne kome seg vekk. Men Ivar ville ikkje røme for han var redd for at det skulle skje noko med familien. Tyskarane fann ikkje Ivar denne dagen. Dei kom tilbake dagen etterpå og då tok dei broren hans, Håkon, og faren Halvard med seg.

    Tyskarane greidde seinare på dagen å arrestere Ivar. Då vart Håkon og Halvard sleppte fri med ein gong. Men heime sat ein heil familie att: Mor, far, sysken, kona Ingeborg og døtrene Ida, Oddrun og Emma, som då var 5, 2 og 1/2 år gamle. Ivar vart ført til Bergen kretsfengsel. Seinare vart han flytta til Ulven.

    Pages: 1 2