Skip to content

Fyrste opptakten til meieri i Masfjorden

    Denne tok til på gardane Nordkvingo og næraste grannebygda Hope i Nordhordland. Hope hadde sitt fyrste skipingsmøte 18. okt.1920, der det vart 10 lagslemer (leverandørar). Fyrste styre der vart: Ivar I. Mjanger, formann, Jonas Hope, Arne Bauge, Johannes M .Hope og Konrad Haugsvær. For innveging av mjølka vart det innreidd eit rom i eit naust like ved Hope dampbåtkai. Drifta tok til 10.april 1921.

    Kvinge meieri, Nordkvingo, hadde sitt fyrste skipingsmøte 20.okt. 1920, og her vart det 13 lagslemer. Fyrste styret her vart: Lars Johannessen Kvinge, formann, Lars Nilsson Kvinge, Olai M. Kvingedal. Her vart det bygdt innvegestasjon med kjølekummer for mjølki, knappe 100 m frå Nordkvinge dampbåtkai, og drifta tok til 17-april 1921.

    Båe desse innvegestasjonane vart straks tilslutta Hordaland Meieri i Kong Oskarsgt. i Bergen, der dei fekk levert mjølki. Om sumaren ymse år kunne det verta stans i denne leveringa, og særleg då for Nordkvingo sitt vedkomande som trong senda buskapen til fjells. Ein freista nok å halda meieridrifta i gang på denne årstida, men dette å gå opptil 714 m.o.h. for å mjølka kyrne 2 gongen på dagen, synte seg å vera altfor umenneskeleg.

    Dette å få kjøla mjølka ned om sumaren, synte seg å by på store vanskar, særleg i den fyrste tida. Hope meieri hadde nok sine problem å stridast med. I stabile vintrar når vatn og tjørnar fraus til, vart det skore is i blokker som vart lagra på ymse vis, til bruk i sumarhalvåret. Her galdt det å finna isolasjonsmateriala som desse isblokkene kunne lagrast i. Turr torvmold, sagerabb og spon vart nytta til dette føremålet.

    For Kvinge meieri sitt vedkomande vart det skore is på Heimste Tjødna, ei tjørn som ligg pålag 1,5 km frå der meieriet stod. Dette var fyrste vinteren. Isen vart førebels lagra i ei dertil laga jordhola der nord, og vart så transportert med hest og kjerra, for det meste gjennom utmark, fram til meieriet, etter kvart som det vart nytta om sumaren. Det synte seg snart at dette var ei sårbar ordning. På varme sumardagar og med kjerreskaking på den ulendte markavegen, var der ikkje mykje is att i kjerra når ein nådde fram til meieriet.

    Året etter vart det laga til ei liknande jordhola inni eit bakkebrot like ved meieriet, men også dette arrangementet gav liten nytteeffekt. Fyrst tredje året vart det bygdt ishus vegg i vegg med meieriet. Dette huset vart grundig isolert, og dei tilskorne isblokkene som vart lagd inn, blokk på blokk i ein einaste stabbe, vart isolerte med eit lag rabb og spon på minst 1/2 m tjukne rundt vegger og tak.

    Dette å taka framatt desse isblokkene, spyla dei reine, og få dei i kjølekummane, var eit så tungt arbeid at meierska ikkje kunne gjera det. Ikkje fekk no ho tid til det heller. Istakinga gjekk difor på omgang mellom leverandørane på sjølve Nordkvingegarden, (altså ikkje dei på Kvingedalen.) Omgangen var på ei veke.

    Pages: 1 2