Skip to content

Livssoga til ein 91-åring

    Mannen heiter Alfred Einestrand, og kom til verda 14. april 1904, altso på sjølve flyttardag, som det heitte i dei tider. Det var på garden Einestrand, no gnr. 59 bnr.2 i Masfjorden før 1964, gnr. l bnr. 2 i Lindås.

    Foreldra var: Ola A. Einestrand, og kona Mathilda Sævresdtr. frå Nesbø. Alfred hadde ei syster, Ingeborg f. 1906. Ho vart gift med Lars Einestrand, på bruket Kjønnbakken, bnr. 3 på Einestrand.

    I desse tider måtte ein «tidleg krøkjast, som god krok skulle verta.» Dette fekk han Alfred ogso sanna, like frå barnsbein av. Faren for mykje på bygningsarbeid kringom i dei næraste kommunar, så det vart Alfred og mora som stod for det meste av onnearbeidet heime på garden. Dette å gå til fjells med sauene om våren, og henta dei heimatt om hausten, var sjølvsagt Alfred sin jobb.

    Barneskulen i Alfred sine dagar, held til på garden Skår, ca. l km. sør for munninga av Kjekallvågen, og læraren heitte Kristian Jordal. Borna frå Einestrand måtte då reisa fram og attende her kvar skuledag. Det var neimen ikkje så enkelt å koma seg tvers over Kjekallvågen når austavindstormane raste på det verste.

    Han Alfred vart konfirmert i Myking kyrkja 29.sept.1918. Heller ikkje den dagen ville austavindstormen gjeva dei fred, då dei skulle ro over fjorden til Myking.

    Som 18-åring gjekk han ein vinter på Nordhordland ungdomsskule, og han hadde då lyst å verta lærar, men økonomien tillet ikkje ei slik utdaning. I 1929 gjekk han ein vinter på Myking snikkarskule.

    I dei dagar var det vanleg for heimeverande ungdomar å reisa på storsildfiske om vintrane. Han Alfred var i 9 vintrar på slikt fiske ute på Fedje og sør mot Haugesund.

    Som 23-åring vart han ute for eit syrgjeleg hende, som her må nemnast. Det var hausten 1927, under sauesankinga på sørsida av Kjekallevågen. I ei stupbratt fjellskrenta var der ei torva som gav etter under foten hans, og han ramla utfor, gjorde fleire rundkast i lause lufta, han svima av, og då han kom til seg sjølv att, låg han mellom nokre store steinar i øvre kanten av ei urd, pålag 70 m lengre nede. Eit guds under var det at han kom frå dette med livet. Men som det heiter: «Den Gud vil bevare – er uten fare.»

    Det vart ikkje henta lege for å reparera han Alfred den gongen, nei slikt hadde dei ikkje råd til i dei tider. Her vart det soleis berre å lata natura lækja alle sår. Denne ille ferda hadde gjenge hardt utover hovud, andlet, skuldrar, rygg, hofter og føter. Av indre lesjonar kan nemnast at han fekk trøbbel med nyrene i fleire år etter. Sumaren etter, i 1928 var han framleis så merkt av skadane, at han ikkje kunne gå i brudlaupet til næraste naboen.

    I åra etter vart han Alfred mykje med i ungdomsarbeidet i bygdi. Han var soleis ein sers aktiv medlem i ungdomslaget «Framsteg» på Kvingo. Det var ikkje småvegen han hadde å gå, eller å ro, når han skulle nord til Nordkvingo for å vera med på tilskiping av festar til jul og 17.mai. Ofte var han med i sketsjar og skodespel, som vart framsynte i slike høve. Når slike ting skulle innøvast, gjekk det med mange kveldar, og det som oftast etter full arbeidsdag heime.

    Han Alfred var ogso flink på hardingfela, for å vera sjølvlærd. Soleis kunne han dei fleste, til den tid nytta danseslåttar kringom i grendene. Ja, no «jóg der eit minne om halvglemt dåd.»

    Det var om kvelden på sjølve 17. mai. Han Alfred og underskrivne skulle spela saman til dans i nothuset på Nordkvingo. Eg var framleis nokso fersk på 5-radaren, så mitt repertoar var ikkje så stort. Men heldigvis, vart eg mangelfull, så var han Alfred desto meir fullstendig. Og so var det løna for strevet vårt då. Jau, det økonomiske resultatet vart som følgjer: Ein mann gjekk rundt med ein hatt, der kvar og ein kunne leggja oppi etter råd og hjartelag. Han Alfred og eg delte «rovet», og då vart det kr 1,27 på kvar. Denne transaksjonen vart kalla «å romla». Slik var det i dei harde åra. Me kunne ikkje kalla oss artistar, så me kunne difor ikkje lata hår og skjegg veksa villt, og me måtte stå nokonlunde i ro med overkroppen, og det var berre folkelege tonar me kunne varta opp med. Ja, dette var noko av det samarbeidet eg hadde med han Alfred.

    Han vart gift 24.juni 1939 med Jenny Andreasdtr. Thunes frå bnr. 4 Nore Askeland i Lindås. Dei fekk 2 søner: Olav f. 1940 og Svein f. 1944. Alfred fekk skøyte på heimegarden i 1942, og denne har han drive, saman med noko bygningsarbeid kringom i bygdene attåt.

    For tida er det sonen Olav som driv garden, og han er rutebilsjåfør attåt. Han er gift med Harriet Haraldsdtr. Hodne frå Myking.

    Sonen Svein er i marinen, fyrst ombord i ein ubåt. No er han orlogskaptein. Den trufaste slitaren Alfred Einestrand har no avslutta sin arbeidsdag. Med eit hugheilt hjarta kan han no nyta tilværelsen som pensjonist.

    Eivind Kvinge