Skip to content

Om fredsjubiléet

    Dette året har vore prega av mange jubileum – det jubiléet som utvilsamt har vore tydlegast markert av media, er femtiårsminnet for avslutninga av andre verdskrigen. Det er sjølvsagt at dette også vart markert i Masfjorden, ikkje minst av di Bjørn West-basen i fjella våre faktisk var det første området som vart frigjort frå den tyske okkupasjonsmakta.

    Og på sett og vis var det også her jubileumsmarkeringa starta, ved at Hans Majestet Kong Harald V den 15. oktober i fjor, på dagen 50 år etter at Fredrik Kayser gjekk i land i Noreg for å etablere Bjørn West-basen, stod for den offisielle opninga av Bjørn West-muséet på Matre.

    Men tilliks med andre folk elles i Noreg høgtida masfjordingane fredsjubiléet på ei rekkje ulike måtar og ved mange tilskipingar i løpet av nokre hektiske maidagar.

    Dei fyrste tilskipingane fann stad alt 6. mai. På Matre vart det arrangert fredsmarsj med god oppslutnad, medan kommunen noko seinare skipa til kulturkveld for krigsveteranar og bygdefolk på Nordbygda samfunnshus. Denne kvelden kunne ein mellom anna ynskje velkomen veteranar frå Bergen Røde Kors, som i maidagane 1945 var oppe i Matrefjella og henta ned dei falne Bjørn West-soldatane.

    7. mai vart fredsmarsjen arrangert på Sørsida,  også her med god oppslutnad. Ved Solheim kyrkje      var      det konfirmasjonssundag denne dagen, og ved avslutninga  av gudstenesta vart heile møtelyden invitert til offisiell nedlegging av kransar på grava til Torgeir Stordal, og til minnesteinen som er reist over dei russiske fangane frå leiren på Matre.

    8. mai vart markert med ei takkegudsteneste i Sandnes kyrkje, der alle skuleelevane i kommunen var til stades, og der elevar stod for mange av innslaga i gudstenesta.   Før gudstenesta var det kransnedlegging    på minnesteinen over dei frå Masfjorden som fall under siste krigen. Om ettermiddagen vart det skipa til fredsmarsj i Nordbygda.

    Denne dagen vart det også gitt ut særskilte frimerke, og det var høve til å få desse særstempla med eit stempel med logoen til Bjørn West. Det var også høve til å få dette på ein spesialteikna konvolutt, saman med eit kort som var eit utsnitt av kartet Fredrik Kayser hadde med seg då han gjekk i land på Hosteland 15. oktober 1944.

    Pages: 1 2