Ei ganske lystig vise om eit smalahove

Melodi: En ekte lofottorsk eg er…..

Ein ekte dalasau eg var
sprang h
øgt til fjells med mor og far.
Fadderullan dei fadderullan dei
fadderullan, dullan dei.

Men det vart haust og slaktetid
mitt unge liv var raskt forbi.

Fadderullan dei fadderullan dei
fadderullan, dullan dei.

Mitt hoved tok dei på ei stang
og svidde det med eld og tang.
Fadderullan dei fadderullan dei
fadderullan, dullan dei.

Så vart mitt hove delt i to.
At hjernen fór, eg knapt forsto.
Fadderullan dei fadderullan dei
fadderullan, dullan dei.

Sidan vart eg strødd med salt,
hengt opp i røyk – og det var alt.
Fadderullan dei fadderullan dei
fadderullan, dullan dei.

Men når nokon skulle eta meg,
så er eg glad at det vart deg.
Fadderullan dei fadderullan dei
fadderullan, dullan dei.