Skip to content

Korleis Sandnes fekk elektrisk lys

    Sandneselva gjer nok ikkje så mykje av seg, både ligg ho litt bortgøymd innanfor Sandneskletten, og vassføringa er vanlegvis ikkje så stor. Noko tilsig har ho innanfrå fjellet, men det er myrlendt og helst lågland der ho har kjeldene sine. Men under første verdenskrig var det og nokon som såg seg nytte i elva og det ho kunne gje av kraft. Dette fortel Alvhild Daae, f. Otterstad om:

    Det som eg vil fortelje om, hende under første verdenskrig. Far min var sjømann og reiste mellom Norge og Eng­land. Etterkvart vart det meir og meir farefullt å reisa. Båtar var torpederte og senka. Så han gjekk i land, som det hei­ter, i slutten av 1917. Men så var spursmålet: Kva skulle han no ta til med for å ha utkome til seg og huslyden?

    Det var rikt fiske i den tida, mange skøyter og kuttarar var i bruk og desse trong til vedlikehald og reparasjon. Då tenkte far at han fekk setje i gong med verkstad og slipp. Han kunne med vøling av motorar og smedarbeid, og fekk med seg Andreas, yngste bror sin og ein kar inne frå Lauvika. Me hadde heimen vår på Sand­nes, og litt innanfor er det ei elv, Sandneselva, som dei såg seg mun i og kunne utnytta. Dei vart enige om å setja i gong, men fyrst måtte dei få løyve av dei som eigde elva og grunn der, og så måtte det skaffast kapital til arbeidet. Eigarane, Erik og Andreas Sandnes, sa seg villige til å leiga burt elva og grunn til vekstadbygg.

    Den 7. august 1918 vart det skrive kontrakt og alle rettar fastsett. Dei skulle få byggja inntaksdammen eit stykke oppe i elva, og frå den vart det bygd treslok som leidde vatnet ned til turbinen. Den var i verkstadbygget. I inntaksdammen var der luka som kunne stengjast for å samle opp vatn, og opnast når det skulle koma på turbinen. Det var fleire vatn innover fjellet som førde vatn til elva. Ved Stemmevatnet og Svartevatnet fekk dei byggje stemmer slik at dei hadde reserver når det var lite nedbør. Dei som eigde elva tok unna at dei skulle ha billig straum til å saga tømmeret sitt med, l kr dagen, var det visst.

    Den saga stod for enden av verkstadbygget. Men så var det pengane som skulle til for å setja i gong! Med nokre kausjo­nistar fekk dei lån i Sandnes sparebank, eg er ikkje sikker på kor mykje, men det står for meg at det var 10.000 kr.

    Så tok dei til med arbeidet. Eg hugsar at det var ein streng og kald vinter så dei fraus fælt. Nistematen fraus i bein, som dei sa. Der var ikkje noko hus der dei kunne gå inni når dei skulle eta, og truleg hadde dei ikkje noko som heitte termos­flaske i den tida så dei kunne få varmt drikka til maten. Det var krig og rasjonering, brødet var mørkt og godt var det ikkje, smøret smaka det tran av, pga. rasjoneringa var det heller ikkje så rikeleg med mat.

    Arbeidsfolka som far hadde med seg, budde hjå oss. Når arbeidsdagen var slutt, kom dei til middag som mor hadde laga i stand. Det var ikkje noko som heitte åttetimarsdag, så dei streva på alt dei vann, og det vart lange dagar. Ikkje var det maskiner til hjelp i arbeidet som no. Alt måtte gjerast med handemakt.

    Minebor og feisel var reidskapen dei nytta når det skulle skytast fjell. Det måtte eit godt lag og ei stø hand til når dei slo på mineboren. Eg hugsar at det var ein stø og presis klang når dei laga holet som dyna­mitten skulle leggjast i.

    Skulle steinar flyttast, var det jamstaur (spett) som måttte brukast. Var det større stei­nar som skulle flyttast, brukte dei noko dei kalla steinbukk. Det var eit redskap som stod på fire bein, med ein rull med kjetting eller wire på. Oppe i toppen var det blokker som denne kjettingen gjekk i, han hadde krok i enden, og på eine foten var der ei sveiv som dei sveiva på for å lyfte på storstei­nen. Sjølvsagt måtte dei ha kjetting rundt steinen der kro­ken kunne festast, så kunne han flyttast på og leggjast der dei ville ha han. Til graving var det spade og pikka som var brukt.

    I 1919 stod verkstadhuset ferdig med dei maskiner som trongst. Slippen var óg ferdig så dei kunne ta i mot båtar til reparasjon, både for skrog og maskineri. Når arbeidet med dette tok til, var dei fleire ar­beidsfolk, nokon budde på verkstadloftet og stelte seg sjølve med maten.

    Då var den elektriske strau­men komen i stand, og der var meir kraft enn verkstaden trong. Særleg var der ledig straum når arbeidstida var slutt. Oppsitjarane på Sand­nes, Bauge og i Lia var interes­serte i å få elektrisk lys. Den 6. september 1919 vart det sett opp kontrakt at dei skulle få straum til lys. Dei hadde 81/4 hestekrefter – eg trur ikkje dei rekna i kilowatt den gongen – som vart delt til dei to bruka på Bauge, Lia, dei sju oppsitjara­ne på Sandnes, ja, og så til Kommunehuset.

    Det var sjølvsagt stor stas då me fekk lys så lettvint: berre å snu på ein brytar. Seinare fekk me ei lita kokeplate, stryke­jern, og endå lenger frå, sette far opp kappsag i kjellaren som me saga ved med, og slipestein som gjekk med elektrisitet. Større kokeplata vart det sei­nare, som mor steikte lefser og potetkakaer på. I ei «spesialkakeform» med lokk på, steikte ho óg gode formkaker på plata.

    Men så var det det syrgjele­ge: når det var lite regn, og ekstravatnet i Stemmevatnet og Svartevatnet var oppbrukt, eller om vinteren når frosten sette inn, då vart straumen borte. Og det hende i den tida då me gjerne ville hatt det ljost og fint – som i jula! Då måtte oljelampane fram att. Men når alt gjekk som det skulle, hadde me bra med straum. Elektrisi­tet frå Sandneselva hadde me heilt til den kommunale krafta frå Matre kom. Det var ikkje før etter siste verdskrigen.

    Eg var berre 4 år då den fyrste verdskrigen tok til og litt over 8 år då den slutta. Eg hugsar som om det skulle vore i dag, då me fekk vita at krigen var slutt. Då var eg burte hjå naboen (fargaren) og mannen i huset kom inn og fortalde det. Kona sat og spann, ho stogga rokken, falda hendene og tak­ka Gud for at krigen var slutt.

    Fortald til Ragnhild Jung