Skip to content

Etterord

    Ja, kar vart dei vel tå, desse velbrukte bidne ?
    Me hadde dei me oss kver bidige dag.
    Eg ser dei so klårt, no i mitt minne,
    kvar sommar so trufast dei heldt meg med lag
    so gode å ta i, so friske og reine
    dei låg dar på berget og turka i vind,
    dei lukta so godt etter logen av eine
    da va vel ei glede å ta dei med inn!

    Da va den gong ho Litago, Lilja ell» Plomma
    høyrde me til vår huslyd med alt som da romma
    dei var «kje degraderte til mjelkeprodusentar
    som skaffa pengar til avdrag og renter
    på traktorar, tankar og mjølkemaskin.
    Ken seier no: «Å kyra mi, kor du æ fin !»

    Men eg seier : Stakkars den kyra som ikkje får kjenne
    at juret vert mjelka av kjærlege hender,
    som ikkje får smaken av fjellgras på tunga
    og ikkje den svalande fjellluft i lunga.
    Orsak, at eg ikkje heilt kan teia,
    helsing frå ei gammal sæterbudeia.

    Ragnhild Jung