Skip to content

Masfjordsong

    Masfjord, vår heimstad, du ligg her og drøymer,
    fagert du ligg under høgfjellets fot
    Tankar om deg i vårt hjarta me gøymer,
    her hadde fedrene våre si rot.
    Lier og lundar, heimatt me stundar,
    når me er ute og reiser eit grann.
    Når vårsoli blenkjer, på deg me tenkjer,
    du er den finaste plass i vårt land !

    Bygda ligg vakkert her inne i fjorden.
    Kyrkja på neset, med tårnet mot sky.
    Eventyrrike – når lauvet om våren
    kled våre lier til sumar på ny.
    Her vil me vera, bygda til æra,
    planta og stella så det er ei lyst.
    Då skal det veksa og bløma og svella,
    kappast, og sjå kven av oss som vert fyrst!

    Masfiord med haugar og bakkar og lundar
    om deg vil me syngja, ja ofte og tidt.
    Og når i kveldssol du ligg der og blundar
    då du i draumane fangar oss blidt.
    Masfjord, du kjære, her vil me vere,
    her vil me odla og dyrka og så
    og aldri forsøma, då vil det bløma,
    kjærleik til bygda og landet me få !

    Har du sett Masfjord i sumarsol blenkja,
    har du sett Masfjord i vinterens drakt ?
    Då må me verkeleg stansa og tenkja,
    du, for ein venleik, å du for ei prakt!
    Her vil me byggja, saman oss hyggja,
    då skal det veksa og gro i vårt spor.
    Her vil me prøva å framtida tryggja,
    vera til gleda, båd` liten og stor!

    Johannes Lindebotten