Skip to content

Barndomsminne frå Sandnes

    I byrjinga av 1917 – berre 4 veker gamal – kom eg til Masfjorden og fekk heimen min i fargarhuset på Sandnes hjå Signy og Rasmus Kvamsdal. Det var ein umåteleg god heim å veksa opp i, og eg er så inder­leg takksam for dei gode foreld­ra eg fekk. Sjølv hadde dei 7 born. Dei fleste av dei var då flogne or reiret.

    Både mamma og pappa ville at borna skulle ut og gå på skular og læra seg eit yrke. Det var òg turvande, for det var ikkje så mykje å setja borna til heima. Forutan sine eigne sju born tok dei og meg til seg – og endå to barneborn (borna til eldste sonen som var med på Masfjordforliset ved Solesjøen i 1918, og som fekk helse øyde­lagd då. Han døydde i 1921).

    Me tre «ekstraborna» vaks opp som sysken og vart svært knyt­te til einannan.

    Rundt 1890 grunnla pappa fargeriet på Sandnes i leigde lokale. Ved hundreårsskiftet bygde han så opp eige bygg – fargeri og og bustadhus. Bustad­huset var middels stort: to stover, soverom, kjøkken, kammers og gang i eine høgda. Eine stova vart heitande tingstova av di tinget i fleire år heldt til der, til kommunehuset på Sandnes vart ferdig. I andre høgda var det to salar, skråkammer, klebu og matbu. Mjøl, flatbrød, syltetøy og det vesle me hadde av spekemat vart plassert der. (Me hadde enkel­te år ein gris; men det var slik sorg i huset når den laut lata livet, at me borna ville heller vera flesket forutan).

    I kjellaren var det eit rom for poteter osv. Underetasjen var knytt saman med og var ein del av fargeriet. Over fargeriet var så «loftet». Der var den store skjæremaskina, dampkjelen og dampeapparat plasserte. I ei­ne hjørna var eit lite baderom. Dette badet vart nytta av heile huslyden dei dagane fargeriet var i gang, for då hadde me rikeleg varmt vatn. Kor ofte det var varierte med kor mykje tøy som var inne til handsaming. Me borna fekk lov å leika på «loftet» berre me heldt oss bor­te frå skjæremaskina og tøyet ( metervis med vadmel og einskjefta) som hang der til turk.

    Dagleglivet i fargarhuset på Sandnes var nok mykje likt det dei andre huslydane på denne strandstaden hadde. For bor­na på dei to gardsbruka på Sandnes var det nok noko annleis. Dei hadde gjerne meir plikter utandørs enn me had­de. Berre ein liten hage og ein liten åkerlapp var det me had­de, så for oss var det berre stas å få vera med å setja og ta opp potetene.

    Men før den tid eg kan min­nast, så hadde foreldra mine ei ku som fekk stå i floren til mamma sin bror ( Erik på Ne­set[RG1]  ). Fór til den kua måtte skrapast i hop på ymse vis i utmarka. Så den tida laut nok borna i fargarhuset hjelpa til på alle vis.

    Utanom litt plikter innan­dørs (oppvask, golvvask, pus­sing, litt saum, strikking og lapping) fekk me hjelpa til om hausten når pappa kjøpte inn brensel til fargeriet. Veden kom som oftast med skøyta til kai­en, og måtte køyrast, berast og oppløast i skuret. I tillegg til ved blei store mengder kol og sagerabb nytta til å fyra opp under dampkjelen.

    Om våren når det var godt med sevja i bjørka, var det vår jobb å reinska greiner for bork. Pappa laga ei stor mengde med store vispar av greinene. Dei bruka han i fargeriet.

    Eg kan ikkje minnast at me borna hadde noko fritidsproblem. På skulen gjekk me annankvar dag. Alle åra mine på folkeskulen hadde eg Ivar Dåe som lærar. Det var ein flink og gild mann. Eg har berre gode minner frå skuletida.

    Av fritidssysler om vinteren kan eg best hugsa skriding på kjelke og ski, og når isen la seg på tjørna bak Kletten, så kom skeisene fram. Sumarsdag var det badeliv, og eg trur alle born som vaks opp på Sandnes, kunne symja. Haustkveldane dreiv me mykje med gøymespel. Og så var det ballspel. Me jentene dreiv og med songleikar. Byborna, som kom til Sandnes til familiane sine, lærde oss alltid noko nytt av slike leikar.

    Og så var me på barneforening der me laga ymse handar­beid som vart selde på misjonsauksjon kvart år 3.pinsedag. Halvard Duesund var auksjonarius. Han var både morosam og lun. Sundagsskule hadde me óg. Ivar Duesund, som seinare blei skoten av tyskarane, var ei tid sundagsskulelæraren vår. Han var ein uvanleg fin ungdom, som me var svært glade i.

    På fjellet hadde ungdomen på Sandnes bygd ei lita hytte, og ofte gjekk heile familien dit om sumrane. Me fiske i vatna, såg etter bær, koka kaffi og kosa oss. Me var og mykje i båt på sjøen. Det var stas å få vera med både å setja og trekkja garn og liner. Fisk var viktigas­te middagsmaten vår. Mamma var flikt til å laga både fiskeka­ker og fiskepudding, og me borna tykte nok det var betre enn vanleg fisk. Det var og kjekt å vera i båt utan at vaksne var med. Me både dorga og pilka, å liggja på bryggjekanten og fis­ke mort til kattemat, var óg morosamt.

    Alle som vaks opp på Sand­nes vart godt kjende med byg­defolket. Folk som skulle til kyrkje, kom gjerne med vøvane sine preikesundagane. Før kyrkjetid la dei vøvane frå seg i kjellaren i fargeriet. Etter prei­ka kom dei innom og fekk kvit­tering og tok ut fargar, eller sa frå kva dei ville ha gjort med tøyet sitt.

    Mange nytta og høvet til å betala sokneskatten då. Pappa var soknekasserar og. Alle kom til Sandnes med båt i dei da­gar, og dei hadde det ikkje så travelt med å koma seg heimatt heller. Mange var innom hjå oss, og det smaka nok godt med ein kaffikopp eller ein tallerk sodd, før heimturen. Mang ei kona kom innom med eit mjølkespann eller ei fløyteflaske som takk.

    Mange born som skulle be­rast til dåpen var innom i dei ymse heimane på Sandnes og vart pynta med dåpskjolen. Konfirmantane var og innom for å pynta seg etter lang reis, anten med robåt, motorbåt el­ler skøyte. Anten det var brurfolk eller gravferder så gjekk dei framom huset vårt, og me som var born, var in­teresserte i alt. Me var og faste kyrkjegjengarar alle preikesundagar. Dei sundaga­ne det ikkje var preik, var det tekstlesing heima. Me samlast etter middag, song ein salme før og ein etter at pappa hadde lese teksten, anten frå Klavenes eller Hope si andaktsbok.

    Den tida var det skilnad på helg og vyrke. Til dømes så vart tingstova berre nytta i helgene om vinteren. Truleg var det for dyrt å varma den opp elles. I tingstova stod orgelet. Kitty, som var organist i Masfjorden før ho utdanna seg til sjukep­leiar, var den som mest nytta orgelet. Men pappa var glad både i toradaren og fela si. Ofte spela dei i lag. Me song mykje i heimen vår.

    Av aviser hadde med «Ber­gens Tidende» og «Fjordaposten». Alle følgjetongar las pappa høgt for oss, og me lika det svært så godt. Mamma óg las mykje for oss, og det gjorde vel sitt til at me vart flittige låntakarar på biblioteket.

    Som vaksen har det undra meg mor mykje dei fekk tid til, både mamma og pappa. Mamma skulle spøta, spinna og sy klær til oss, halda huset og laga mat. Ho fekk óg tid til misjonsarbeid.

    Jamt var det overnattingsgjestar h å oss – både  bygdefolk og andre. Av di kommunehu­set låg på Sandnes, hadde bygdefolket ofte ærend dit. Heradsstyre, skulestyre, likningnemnd og andre nemnder hadde møta sine der. Og dei som kom for å vera med der hadde sine som dei tok inn til. Av dei som ved slike høve budde hjå oss hugsar eg best: Lars «Heien» Kvinge, Rognald Ma­tre, Martin Matre, Magne Sol­heim, Jetmund Haugsvær og seinare Mons Kvingedal. Elles var mange andre innom hjå oss når dei var på Sandnes i ymse ærend: Hans B.Wergeland, Kr. Bergsvik og lensmann E.A.Riisnes. Me borna tykte me kjende alle desse svært godt.

    Pappa si slekt frå Kvamsdalen kom óg. Dei kom gjerne med dampen laurdagskvelden. Ærenda kunne vera så ymse. Nokon skulle i banken, andre til prest eller dokter og så skulle nokon til fargaren, smeden o.s.v.

    Av utanbygds folk som kom, hugsar eg best når sorenskri­varen med fylgje kom og heldt ting, og kvart år når det var sesjon, og dei militære inntok huset. Alle desse storkarane budde hjå oss. Mamma hadde i sin ungdom vore stovegjenta hjå brigadelækjar Martens i Bergen og hadde lært «finare» matlaging. Det ho hadde lært der, fekk ho nytta ved slike høve. Trur mamma like godt desse besøkja, for til vanleg hadde me ikkje slik fin mat eller fin oppdekking.

    Pappa var ein flink, flittig og tiltakssam mann. I sine unge år var han i fargarlære i Haus og Steinkjær. Han bygde opp fargeriverksemda. Sønene hjelpte etter kvart som dei vaks til. Yngste sonen overtok verk­semda seinare. Forutan fargaryrket dreiv pappa med mykje anna. Han var i banken i mange år – likeeins var han soknekasserar. Han var ein utruleg netthendt handverkar. Mykje av det han hadde bruk for, laga han sjølv. Noko lærde han seg sjølv, og han nytta alle høve til å læra seg det som var nytt i tida.

    Blekkmakararbeid lærde han seg av ein splint som bru­ka å koma til Sandnes i robåt med familien sin. Splintane som kom til Sandnes budde som oftast i naustet hans An­dreas på Garden. Det var spanande når splinten kom. Konene gjekk rundt i husa og selde ymse småting. Dei bad og om å få koma inn og stella spedboma sine, og dei bad om avlagt tøy o.s.b. Trur dei fleste konene på Sandnes gav dei litt av kvart; men stundom hende det nok at eit og anna vart borte etter slike besøk.

    På Sandnes var det ein dyk­tig motormann og smed, Knut Otterstad. Mange båtar låg på slippen hjå han, både frå Masfjorden og bygdene ikring. Smeden dreiv og eit lite elektrisitetsverk. Heilt å lita på var ikkje elforsyninga. Det var ti­der då det vart vassmangel, og då laut oljelampene fram.

    Kvar husstand fekk så myk­je straum at det heldt til ei kokeplate og til lys. Det var ikkje snakk om varmtvasshaldarar, så me hadde alltid ein stor kjel med vatn ståande på kokeplata. Det heldt til opp­vask o.s.v. Kaldt vatn hadde me i alle høve rikeleg av i fargarhuset. Kjelda som me had­de på bøen hans Andreas Sandnes heldt både til fargeriet og hushaldet, og i ekstra turre somrar kom grannane også og henta vatn i kjellaren hjå oss.

    Det var godt grannskap mellom dei som budde på Sandnes. Både i sorg og gleda heldt grannane i hop. Når eit barn kom til verda, gjekk kone­ne med sengjemat til mora, rjomegraut, kaker el.liknande. Og me borna fekk alltid koma inn og sjå den nyfødde.

    Når nokon døydde, var me og inne og såg liket etter at det var lagd i kista. Me opplevde såleis både fødsel og død som naturlege hendingar i tilværet.

    Dei finaste minna frå barne­åra har vel eg som mange an­dre, frå jolehøgtidene. Før jol vart huset vaska frå øvst til nedst. Omnane vart pussa, og nystiva gardiner kom opp i heile huset. Og så var det jolematen då! Pappa var sjølv på kram­bua og kjøpte ei stor kipa full med det som godt var. Frukt, som druer og appelsiner, var ikkje kvardagskost den tid, heller ikkje småkaker, og sylteflesk, rullepølsa og ekte geitost smaka godt.

    Heima hjå oss hadde me enkel og god sunn mat til dag­leg. Søtmjølk var det lite av, men surmjølk fekk me rikeleg av. Godt bondesmør og gamalost lærde me å verta glade i. Før jul hadde me det travelt med å laga julegåver; men me kjøpte óg litt, både på krambua og i utstyrsmagasinet. Jolekuler var populære gåver.

    Joletre fekk me frå Halvard Duesund. Jolaftans morgon gjekk me og venta på at Hal­vard skulle koma. Me såg mot naustet i Duesund, og endeleg kom so båten over fjorden. Pappa sette fot – kross – på treet, og om ettermiddagen vart furutreet pynta. Det var alltid levande lys på treet.

    Klokka fem om ettermidda­gen stod me høgtidsstemde og pynta og høyrde at han Andre-ast ringde jola inn frå kyrkjetårnet. Eg kan endå kjenna den gleda og høgtid som fyllde meg då. Jolefeiringa kunne ta tid. Gang rundt joletre, gåver og god mat. Pappa las joleevangeliet – og me song alltid «I denne søte juletid».

    Første joledag var det stas å gå i kyrkja. Me hadde jamt fått noko nytt som me kunne ha på, oss, og det måtte visast fram. Om me høyrde så mykje etter det presten sa, veit eg ikkje, men høgtid var det. Salmane «Mitt hjerte alltid vanker» og «Frå fjord og fjære»» er framleis dei kjæraste eg veit.

    Den dagen var det alltid full­sett kyrkje. Det kom skøyter både frå Andvik og Kvingo, og frå Nordbygda kom mange motorbåtar. Levande lys var tende både på alteret og i lysekronene. Hornmusikken frå Kvingo deltok gjerne ved guds­tenesta den dagen. Etter kyrkjetid var mange innom hjå oss, men elles hadde kyrkjefolket det travelt med å koma seg heimatt den dagen.

    Hinda Kjos


     [RG1]