Skip to content

Endring / undring

    Å, nei som no alt seg forandra me tia
    dei kalla da framgong, ska vera so bra.
    Men me som va unge for mannsaldra sia
    forstår oss kje på da som folk no skal ha:

    At mjelkja frå kyra, ho ikkje kan drikkast
    – må pastoriserast – då kan ikkje rikkast
    at alt detta besta i smøret og rumme
    er usunt og skadeleg, da seie somme.

    Ken skal ein vel tru av dei småe og store
    profetar på helsa og maten på bore?
    For da som i j år va so godt for din kropp
    i dag e da fårlæ – og heldt du kje opp
    so ligg du i morå me nasen i vere
    – i allefall vil da på helsa di tære.

    Okk – om eg sku høyre på alt ditta tøve
    kver bidige dag mått eg nye råd prøve
    Kar e vel no da sunna bondevete?
    Vart da óg vekke – i lag med slete?

    Da e vorte so lettvint å kjøp alt du treng
    da e bere den haken: Du må ha peng!

    Ragnhild Jung