Skip to content

Det gamle Sandnes

    Frå Dampskipsbryggja til Ekrenestet

    «Det var var ein gong», slik tek dei fleste eventyr til. Men det som her vert fortalt er ikkje noko eventyr, slik var Sandnes då eg voks opp der, tidleg i dette århundret.

    Eg er fødd i 1910, og mangt var onnorleis på Sandnes då, særleg nede ved stranda. Mange hus er borte og nye komne til. Me kan ta til med dampskipsbryggja, som ho då vart kalla, for ho vart vel fyrst og fremst laga for at «dampen» skulle leggja til der. Bryggja var ikkje så stor som no, og på øvre sida, der det no er ein hage, var ein open ,,slump» der sjøen gjekk inn og ut etter som det var flo eller fjøra.

    Ein kun­ne tru at me ungane datt uti når me fór der og sprang, men det hende knapt. Men ein myrk haustkveld var det ein annan som ramla uti: Doktor Solem, distriktslækjaren, som hadde både Masfjorden, Lindås, Aus­trheim og Fedje som sitt di­strikt, hadde hatt kontordag inne i fjorden. Han måtte op­pom Sandnes «i telefonen». Kvelden var myrk og det var flo sjø, så slumpen var full. Det gjekk ikkje betre enn at han gjekk seg uti, og vart gjennom­våt. Sjølvsagt laut han få låna turre klede. Doktoren var ei høg mann, så buksa han fekk på seg rakk berre midt på leg­gen. Men han tok det gemyttleg, lo godt og sa at no var han «bondekonfirmant».

    På begge sider av bryggja var der buer, og der trilla dei inn varene som kom med dampen. Han kom berre to gonger i vika, tysdag og laurdag. Om tysda­gane var det mest last, så då låg han lenge. Laurdagane kom dampen om kvelden, då møtte me opp både store og små. Me hadde gjerne kledd oss litt fi­nare enn elles om kvardagane, særleg om sumaren, for då kom det gjerne «byfolk». Det var feriegjestar eller slektningar som budde i byen.

    Fyrste husa innom bryggja var «smedhusa», dei var bygde av murstein. I kjellaren var smia, og oppå der var det to høgder der huslyden budde. Me ungane, særleg jentene, tykte det var skremmande å gå inn i smia, for der glødde det av kol og jern på essa. Og så var det eit fæla bråk når dei slo på det glødande jernet med to hamrar. Slik laga dei ymse slags reiskapar. Det var og verkstad der dei vølte motorar, for len­ger inne på stranda hadde dei «slipp» der dei drog opp skøyter som skulle skrapast og smyrjast. På verkstaden hadde dei læregutar; dei som skulle verta maskinistar, fekk læretida si der. Desse gutane budde då i heimen til smeden, hadde både hus og mat der. Det var bra med arbeid, for det var mange som hadde kutterar og skøyter i den tida. Alt dette er no borte, og der smedhuset stod, er no butikken.

    Innanfor smedhuset var eit naust som bestefar åtte. Att­med dette naustet var det eit skjær som sjøen flødde rundt og både store og mindre stei­nar stakk opp. Me ungane hadde namn på desse steina­ne. Den største var sjølvsagt «Amerika», så var det «England» og «Danmark» osb. Ein gong me fór der og hoppa, var det tre av oss som «landa» samtidig på «England», rende i hop og fór til kvar vår kant uti sjøen. Men det var ikkje djupt, så me vart no berre våte. Dette var nedanfor krambua hans bestefar.

    Der var det bygd ei bryggja utover der robåtane la til når folk kom og handla. Det var inga stengetid på krambua, så folk kom både tidleg og seint. Dei handla gjerne om sunda­gane og når dei hadde vore til kyrkje. Ein mann hadde det for vane å koma seint om kvelden, så me kalla han for «God-kvel-lå», for det sa han alltid når han kom.

    På krambua var det mange slags varer, både matvarer og tøy av ymse slag. Men slikt som olje (parafin) og anna måtte dei sud på «bua» og fylle på kanne­ne sine. Dei vaksne karane hadde krambua til møteplass om kveldane, så der vart det sikkert fortalt mange «skrøner». Me ungane måtte halde oss inne på den tida.

    Eit lite stykke forbi krambua var det to naust, fargarnaustet og Erik på Neset sitt. Det siste stod på pelar, så når det var fjøra sjø kunne me gå under det. Særleg når me leika gøymespel stod me innunder der. Då var me ikkje gode å finna i dimme haustkveldar. Erik på Neset hadde óg krambu. Huset var gamalt og lågt med små vindaugo, difor var der nokso myrkt og lågt under taket. Eg hugsar ikkje at me handla noko der, men av og til var me der med nokre ører for å kjøpa «bong-bong» som me sa. Stundom fekk me dropsrusk som låg att i botten på spanna.

    Då det minka med handelen, slut­ta dei med krambu, men dei på Neset hadde lenge ekspedisjo­nen av dampen. Om tysdagane gjekk dampen fyrst inn i fjor­den den eine vika, den andre vika gjekk han fyrst i Austfjor­den. Når han då kom forbi Sandnes, gjekk han ikkje opp til bryggja, så dersom det var nokon som skulle vera med, måtte dei utpå og borda båten. Dei rodde ut med lykt når det var myrkt. Det var oftast kona til Erik på Neset som var ute og borda, for ho var ikkje «bobbe-redd».

    Eg hugsar at ofte når dampen gjekk fyrst inn i fjor­den, kom maskinisten i land. Han var frå Hope og gjekk då «om Dalen» for å få nokre timar heime til han gjekk om bord att når dampen kom til «Søre Hope».

    Innmed Nesehuset var óg ei bryggja, ho er vel der endå. Den vart kalla «Prestebryggja», sikkert fordi dei rodde presten dit før det kom veg til preste­garden. Eit lite minne frå den bryggja: Det var ein fin sundag føremiddag som sumaren – og  flo sjø. Eg og syskenbarnet mitt for der og hoppa i troppetrina. Best det var fór Kari uti. Hel­digvis var der ikkje så djupt, så med litt hjelp kom ho seg oppatt, men den fine sundagskjolen og alt ho hadde på var søkkvått. Ho gret og sa: «Eg skulle bere ta ei nibbesild!» Det var ein tunn liten fisk me kalla so.

    I same fjæra er óg naustet hans Andreas på Garden, det er der framleis. Dette naustet brukte kyrkjefolket å ta inn i når dei kom roande til kyrkje. Der skifta dei klede og konene tok på seg «svartehuva» – der­som det var ein høgtidsdag måtte den på. Innanfor dette naustet låg «Sinahuset», det var bygt heilt nedmed fjæra. Huset fekk dette namnet etter henne som budde der: Ho var åleine når eg hugsar henne, men der hadde vore fleire born, mannen hadde no mist. Det var ein liten hage med ripsbuskar, og på andre sida av vegen endå eitt naust. Kven som åtte det veit eg ikkje.

    Litt lenger inne på stranda låg «slippen», som ein vel endå ser restar av. Før me kom inn til «Oldrehusa» var der eitt naust til: «Hansennaustet». Det hadde høyrt til dei som åtte Oldrehuset før. Inne med Old­ra hadde det og vore handel, men det minnest ikkje eg.

    Men der var ei bryggja ut­over med ei bu i to høgder og ei vinda, ein rull med tog på og krok i enden så dei kunne heisa opp tyngre ting. Borna ved Ol­dra hadde knytt opp ei dissa der, og den var flittig i bruk. For å få størst sving på dissa, skubba me dørene til sides så me svinga utover sjøen. Hadde dei vaksne visst dette, hadde nok dissa vorte fjerna, men heldigvis gjekk det vel.

    Alle desse nausta frammed fjæra var nok til å ha båtar og fiskeredskapar i, snøre og li­ner, og sume hadde eit trollgarn. Eit kastegam var der og, men eg veit ikkje kven som åtte det. Ein gong var me ungane og kvinnfolka med og kasta inne på Ekreneset, innanfor ferjekaien no. Det var ein fin sumarkveld,og ein av karane kleiv opp i ei bjørk for å kikra om der var fisk under land. To andre låg i ein båt utanfor med garnet, og når han i bjørka sa at no såg han fisk, var dei snaue og hivde nota uti. Me ungane og kvinnfolka stod med øyra av garnet og drog i land. Eg hugsar ein gong me fekk så mykje fisk at alle huslydane på Sandnes fekk seg middagsmat og vel så det.

    Pages: 1 2 3 4 5 6
    1 23 ... 6Neste »