Skip to content

Sandnes skule frå 1964 til 1992

    Sandnes skule vart bygd i 1964, og var sentral ungdomsskule, først for heile kommu­nen, sidan for Nordbygda og Sørsida fram til 1980. I desse åra var elevtalet på skulen j amt over 150-200, og ein kan ja­men lura på korleis ein fekk plass til alle desse elevane !

    Etter desentraliseringa i Masfjordskulen har elevtalet ved Sandnes skule halde seg rundt 60. Skulebygget ber i dag preg av å vera 28 år ga­malt, og ei utbygging er sårt tiltrengd.

    Ein kan jo spørja seg kvifor det er plassmangel i dag, med 64 elevar frå første til niande klasse, når ein veit kor mange elevar ein klarte å stua inn for nokre år tilbake. I så måte kan dette vera eit godt bilete på utviklinga i løpet av dei siste 20 åra, både når det gjeld arbeid­småtar, fagleg-pedagogisk innhald og tenkjemåtar kring eleven i norsk skule. Men om dei fysiske tilhøva på Sandnes skule er forelda og nedslitne, er det likevel eit rikt og livskraftig miljø ein finn her, både i klas­serommet og aktivitetar knytte til skulen.

    I løpet av det siste tiåret har einskildelevar og elevgrupper markert seg i ulike samanhen­gar, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Eit tilbakeblikk vil syna ei rad med gode presta­sjonar, og det på fleire ulike område.

    Sandnes skule vart vel først kjend for sjakkmiljøet på sku­len. I 1981 vann skulen NM for barneskulelag, ein svært opp­siktsvekkjande siger, mykje p.g.a. den låge alderen til del­takarane. Eit par jenter hevda seg snart i toppsjiktet i jente-sjakk, med landslagsdeltaking, EM i Jugoslavia og OL i Luzer-ne. Etter nokre år i dvale har sjakkinteressa no blomstra opp att, og i dag har Sjakklubben 27 medlemar som er elevar ved skulen. I 1991 vart sjakk-NM for jenter arrangert på Sand­nes, og ei av Sandnesjentene tok ein fin 5. plass. Barnesku-lelaget kvalifiserte seg til NM i år, og fekk ein 17. plass i Moss.

    I dei siste åra er det vel Sandnes skulemusikk som har gjort mest for å plassera Mas-fj orden på kartet. Med NM-sigrar i 2. div. i 1989 og 1990 starta korpset ein lysande karriere som enno ikkje er av­slutta. I fjortok korpset steget over i 1. div. , og kom på 2. plass. Etter førsteprisen i Haukåsfestivalen i fjor er spa­ninga på topp framfor denne konkurransen i november, og ikkje minst framfor NM for skulekorps til sommaren.

    I 1988 vart ei kammergrup-pe frå Sandnes skulemusikk noregsmeister i ensemblespel. Reprise på denne bragden fekk me i vinter, då ei kammergrup-pe tok NM-gull i yngste klasse i «Store Studio», og vann sin klasse i Haukåsfestivalen. I tillegg har ein hatt finalistar i NM, solospel, i fleire år.

    1992 har hittil vore eit top­pår for korpset. Etter å ha sagt neitakk til EM-deltaking i Skottland, drog korpset til Sevilla for å representera No­reg på EXPO-92. Før musikan­tane sette seg på flyet til Spa­nia, fekk dei med seg ,,Statoil-prisen», for så å koma heim til mykje mediaomtale, Vest-landsrevy og Frukost-TV. Spa-niaprogrammet har korpset no spelt inn på kassett- og med dette er julegåvetipset for i år lansert!

    Men elevane ved Sandnes skule driv ikkje berre med musikk og sjakk. I løpet av dei siste åra har det dukka opp mange litterære talent: Skrive-glade elevar har vore premierte og fått rosande omtale i regio­nale skrivekonkurransar, og ein elev er representert i novel-leantologien MHallo i spegelen». Siste skot på stamma er sjette og sjuande klasse, som i vår vann den landsomfattande lese- og skrivekonkurransen ,,Les -91″, og som i desse dagar reiser til Oslo og BOK-92.

    Så kan ein lura på om den sportslege dimensjonen manglar fullstendig på Sand­nes skule. Nei, ikkje heilt! I fjor vann dei tre elevane i 6. klasse tur til Cup-finalen i Oslo etter 100% deltaking i Knarvik-mi-la.

    Kva kan så årsaka til så mange fine presentasjonar vera ? Me har allsidige, arbeidssa­me og flinke elevar, positive og engasjerte foreldre og eit sta­bilt og dyktig lærarpersohale. I tillegg har kommunen lagt til­høva godt til rette for kulturelle aktivitetar av ulike slag. Det lokale næringslivet og ulike organisasjonar skal også ha ros for positive haldingar når det gjeld å støtta opp om tiltak som treng ekstra finansiering. Barne- og ungdomskulturen er avhengig av gode støttespela­rar, og det har me mange av, syner det seg.

    Journalist Sveinung Onæs konkluderte ein artikkel i BA glade elevar har vore premierte og fått rosande omtale i regio­nale skrivekonkurransar, og ein elev er representert i novel-leantologien MHallo i spegelen». Siste skot på stamma er sjette og sjuande klasse, som i vår vann den landsomfattande lese- og skrivekonkurransen ,,Les -91″, og som i desse dagar reiser til Oslo og BOK-92.

    Så kan ein lura på om den sportslege dimensjonen manglar fullstendig på Sand­nes skule. Nei, ikkje heilt! I fjor vann dei tre elevane i 6. klasse tur til Cup-finalen i Oslo etter 100% deltaking i Knarvik-mi-la.

    Kva kan så årsaka til så mange fine presentasjonar vera ? Me har allsidige, arbeidssa­me og flinke elevar, positive og engasjerte foreldre og eit sta­bilt og dyktig lærarpersohale. I tillegg har kommunen lagt til­høva godt til rette for kulturelle aktivitetar av ulike slag. Det lokale næringslivet og ulike organisasjonar skal også ha ros for positive haldingar når det gjeld å støtta opp om tiltak som treng ekstra finansiering. Barne- og ungdomskulturen er avhengig av gode støttespela­rar, og det har me mange av, syner det seg.

    Journalist Sveinung Onæs konkluderte ein artikkel i BA slik: „ Javisst Sandnes er Norges ledende kulurlandsby». Slikt er hyggjeleg å lesa, ikkje minst når ein les det i ei byavis. Ein legg for ofte vekt på dei nega ive sidene ved å veksa opp i ein utkantkommune, med få eller snevre fritidstilbod for ungane. På Sandnes kan ein rett nok ikkje dansa ballett, symja, spela ishockey eller gå på diskotek. Likevel skulle det vel ikkje vera tvil om at ungane på Sandnes har gode oppveks­tvilkår, og at dei får sjansen til å oppleva mykje, dersom dei sjølve er innstilte på det.

    Odd Birkestrand