Skip to content

Den gamle garden

    Florsstellet var kvinnfolkar­beid, i alle fall stellet av kyrne, med mjølking, gjeving, brynning og kosting. Kanskje tok ein mann mokinga av og til – og stellet av hesten. Ja, hjå oss var geitene og stellet av dei, mannfolkarbeid.

    Det vart laga små høyrullar for kvar geit, dei vart lagde lag på lag i ei kipe. Når geitene høyrde at det kom folk, vart det ei fæla læte. Alle brekta og klaga si naud. Etter kvart som dei fekk noko å ete på, stilna det av.

    Utpå våren, når kjea kom til verda, fekk dei og litt kraftfór. Det vart laga «knoe» av fórmjøl, og kvar geit fekk sin eigen por­sjon i ein liten kasse, det var reine godteriet, så kassane vart både sleikte og gnegne innven­des.

    Dersom snøen var djup, vart det brøytt for at geitene skulle kome til elva og drikke. Så lag det gjerne strangar og greiner av selje og raun attmed løa, og der hadde då desse nøysame dyra godt arbeid. Dei gnog all borken av, kvistar og greiner togg dei opp så langt det gjekk an.

    Då fekk dei og «rive sinnet av seg», som me sa. For vart dei inneståande i mange dagar, vart det fælt til bråk, dei stanga i båsane, beit kvarandre i øyro – eller  kvar dei kunne kome til.

    Dersom ei geit kom seg laus, kunne ho skamfare andre, rive opp juret eller buken med hor­na. Høyrde me særs mykje uro frå geitefloren, var det noko tess der, og det var best å sjå innom.

    I kyrefloren var det som sagt ho mor sjølv som styrde. Ho laga vondlar til kvar kyr, alt etter som det var kvige, nybære eller ei som skulle kalve lenger utpå våren. Den store suta var å setje «passeleg på», slik at høyet rakk til det var noko å finne ute.

    Vert det snøbert på enkelte plassar i februar-mars, måtte ein av stad å skjere lyng. Det var godtbjerg, høystålet måtte ikkje minke meir enn dei faste merka for kvar månad, elles bar det gale i veg.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22