Skip to content

Den gamle garden

    Men i slaktetida vart alt av innmat frå slaktedyra brukt : hovud, tunge, hjarta, nyrer, le­ver og «midtgard». Desse delene vart varma opp i vatn, «løypt» som det heitte. Så vart det reins­ka for eitlar og andre ubrukelege delar, gjekk så gjennom kjøtkverna, vart salta, krydda og fylt i lange tarmar. Dette vart «spikekurv» utpå vinteren – ja, me hadde ikkje alltid tid til å vente til han var i speke. Steikt kurv og poteter var god middag eller kveldsmat. Eller litegrann kurv i botnen på gryta når me laga plukkfisk ga ein herleg smak.

    Levrekaker var óg ofte på bordet om hausten; det vart nok ikkje velsett dersom det gjekk for ofte på. I alle fall var menyen onnorleis enn elles i året. Då var det potet og sild eller fisk, med raspekaker som eit velsigna mellomspel av og til.

    For poteter var dagleg kost både til middags og som potet­kaker med mysebrim og litt sukker på. Om hausten var det potetopptaking, med grev og bytter til store og små poteter. Ja, me ungane hadde potetferie frå skulen og. No var ikkje det så praktisk i det meste av mi skuletid, for me hadde samla skule, alle frå fyrste til sjuande klasse gjekk i lag. Læraren vår hadde to skulekrinsar, så han ambulerte : to viker hjå oss og to viker hjå dei andre. Slik hadde me fri i to viker og to viker skule, difor hadde vel ikkje potetferie noko å seie for oss. Men med i potetåke­ren måtte me vere, og det kunne vere nokså hustre i våtvér.

    Elles hende det og at potete­ne vart ståande så lenge at det fraus om natta. Grunnen var vel (delvis) at ein skulle la dei vekse så lenge som mogleg. Potetbingane i kjellaren vart fylte med storepotet i ein og småpotet i ein annan, dei siste vart brukte til potetkaker. Når me hadde ete middag, måtte me hjelpe til å reinske småpoteter og male dei på kverna. Slik vart ungane lærde opp til å gjere nytte for seg, og om det ikkje alltid gjekk med liv og lyst, så visste ein at i dei andre husa måtte leikekameratane vere med på det same.

    Kornåkeren måtte også skje­rast i september. Dette var vaksenarbeid, for det skulle lagast «band» av strå med aksa utover, sidan skulle det leggjast passeleg på dette bandet, og så kny­tast. Det måtte ikkje vere for tjukt og ikkje for tunt i kvart nek, elles vart det ujamnt turt, og det var vanskeleg å «staure» det. Ja, for kornet vart ikkje hesja, det vart sett på staur. I skyminga om kveldane fór gjer­ne me ungane og leika gøymt mellom kornstaurane. I månely­se kveldar vart det reint trolsk med skuggar i lange rader bort­over, som ein heil hær utover bakkane.

    Når komet var turt, kom det óg inn i løa, men på ein stad der det låg slik til at treskemaskina kunne stå nett innfor døra. Treskinga – og maskina – gjekk på omgang mellom naboane. Det vart gjort seinare utpå hausten og var reine festdagar. Då sam­last både karar og kvinnfolk i heile grenda og gjorde treskinga unna hjå alle.

    Å snu treskemaskina var ein tung jobb, karane snudde så sveitten rann, så måtte ein annan «gå inn» medan treskinga gjekk for fullt. Ein kunne ikkje stanse for kvar gong det var «byte», det gjekk ei heil tid å få farten oppatt då.

    Me ungar fekk vere med å løyse opp kornband, leggje fram eller kanskje rake ifrå. Mest stas var det likevel å vere med i laget når det var ropt inn til måls. Det vanka alltid god mat på slike dagar, dei vaksne var pratsame og fortalde historier, så det var mykje rart å høyre. Me kjende oss og som nyttige arbeidsfolk på ein særleg måte slike dagar!

    Det kunne nok hende at det vart gjort dugnad om anna arbeid og, men då var nok ikkje både stort og smått med på same måten. Var der få mannfolk på ein gard, kunne karar frå nabo­huset kome til hjelp med eitt og anna som det måtte krefter til å gjere.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22