Skip to content

Den gamle garden

    Slåttonna tok som oftast ikkje til før i juli. Graset skulle vere så godt utvokse som mogleg, for då fekk ein mest i høystålet.

    Var det godt ver med solskin og varme, vart høyet turka på marka. Karane var tidleg oppe og slo medan dogga låg i graset. Då beit ljåen best. Så snart sola hadde fått dogga bort, måtte graset breiast, og det var helst kvinnfolkarbeid.

    Etter at me hadde ete middag måtte høyet snuast, først det som hadde vore «sæta» dagen før. Turrhøy vart det etter to-tre dagars god tørk, alt etter om det var i grovt eller fint gras.

    Å få det inn på løa kunne gå føre seg på to måtar : Køyre det inn med hest og vogn eller bære det inn på ryggen. Hesten hadde liksom «sommarferie» i lag med dei andre hestane i grenda. Å gå etter hesten kunne vere eit ar­beid som tok både ein dag og vel så det. Slik var det ofte at rygg­ane måtte bøye seg under høybørene.

    Dersom sommaren var regnfull med gråver og skodde, måtte graset hesjast. Det kunne verte knapt om hesjestaur når det ikkje vart godver. Ofte hende det at ei uvérsnatt – eller -dag – la hesjer flate, eller høyet for over alle haugar, og berre nokre filler hang att i hesja.

    Ein fekk lære seg å akte på vérmerka. det fanst ikkje radio med vérmelding for neste dag. Men vart himmelen raud om kvelden, vart natta god. Morgonrauden varsla derimot «ein våt hatt». Ein tok og varsel av om hunden eller katten åt gras, eller om svala flaug høgt eller lågt, og mange andre slike  «vérmerke».

    Når beste bøen var avslegen, stod skrapeslåtten for tur. Det var den delen av innmarka som var steinete og ulendt. Graset frå dette området var kort og stivt, det hang ikkje i hes, så det måtte helst turkast på marka. Det vart lagt i eit høystål for seg i løa, «småstålet», og vart brukt til saue- og geitefor om vinteren.

    Men så var det markeslåtten og. Kvar gard hadde sine slåtteteigar i utmarka. På sørsida av vatnet, i Hesjelia, var det ei myr og nokre bakkar som vart slegne. Høyet vart ført med båt heim i lendinga og bore til gards.

    Oppe under Kletten, på Kuleberget, var det ein slåtteteig. Men derifrå gjekk det løypestreng heilt ned i «Gjelet», så det fekk me gratis mest til løedøra. Dei utslåttane som var lengst borte, var på Treet og i Øvste Slette. Men det som vart hausta der, hadde me inn i utløa på Treet, så vart det henta heim om vinteren. I denne utløa hang det og ofte lauvkjerv etter «logging» tidlega­re på sommaren. Det var lauv etter hogging av bjørk og andre lauvtre.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22