Skip to content

Den gamle garden

    Dagleg liv

    Det var årstida som bestemte både over menneske og dyr, over arbeid og fritid. Årsrytmen gav byte på arbeidet: for menneska var det inne- eller utsesyslar, tyngre og lettare, for dyra var det å vere bundne og dømde til å leve av det dei fekk, eller til å vere fri og gå dit dei ville, men syte for levemåten sjølve, det hende nok at påkjenningane vart i største laget både for folk og dyr. Like­vel; me levde i eit tett samspel med levande dyr og natur, det gjorde livet rikt, trass slit og det me vel no vil kalla fattigdom.

    Etterjulsvinteren var ei svært stille tid. Oftast var det kulde og snø som rådde ute. Glasrutene var heilt dekka av is, særleg i austavindsperiodar kunne det hende at det ikkje vart «hol» i isen om me fyrde sterkt i ovnen. Då pusta me på ruta for å sjå ut — eller for å sjå kor isen laga fine roser att i holet.

    Innearbeid var det elles nok av. Ullekorga med kardane, rokken og hespetreet hadde sine faste plassar i stova. Ungane måtte i alle fall «karde i hop», og når me hadde lært det, måtte me og lage «drallar». Men me måtte tole å høyre at dei måtte kardast betre, at vi måtte ha mindre i kardane og så bortetter.

    Når snella var full, var det ungearbeid å vinde av rokken. Skulle det vere til leistegarn, kunne me óg få lov til å tvinne. Garn til slikt bruk var óg fint til å øve seg på når ein skulle lære å spinne, det var ikkje så nøye om det var ein og annan «friar» eller «migemaurhals» innimel­lom. På den måten fekk ein gå gradane oppigjennom og lærde å spinne både fint og grovt, alt etter kva det skulle brukast til.

    Spøtene gjekk titt og trutt, det var mange som skulle ha leistar, vottar, sokkar eller gensarar. Slikt var kvinnfolkarbeid, så dei hadde alltid noko i hende­ne. Kanskje kunne ein gut verte beden om å vinde eller hespe av rokken. Men spøt kunne ein ikkje vente at karfolk skulle ta borti.

    Vintersdag var også tid for veving, så då stod gogna óg i stova. Då hadde førebuinga gått føre seg utover hausten: Varpet, som helst vart fabrikkspunne, måtte vindast i nyste, slik at ein kunne renne med fleire trådar om gongen.

    For småungar var det eit eventyr når «renningestolen» kom i stova, då fekk ein sitte inni og snurre rundt og rundt. Det hende vel at ein vart så øren i hovudet at ein måtte legge seg ned litt. Men når veven etter mykje strev var komen opp, var det dei vaksne kvinnfolka som arbeidde med den. Jau, ungane fekk lage spolar, og det var moro. Ein gamal rokk var tillaga som spolerokk, så der kunne me trø i veg av hjartans lyst.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22