Skip to content

Den gamle garden

    Me hadde nok ikkje lært å symje på skikkeleg vis. Enten måtte me ha ei tofte på tvers under magen eller ei åre under kvar arm. Og utfor marebakken våga me oss knapt. Oftast var det Storetjørna som var bade­plass om sommaren – og første skeisebana om vinteren.

    I sommartida var det fint å ta seg ein dorgetur langs strende­ne. Det var småkjøe som beit på, det hende ho var litt lyseraud under buken. Me jentene var alltid på vakt om det skulle vere ål på kroken, han var halvbror til ormen, hadde me høyrt, og orm var me livredde.

    Endå ein båt høyrde til på garden, Hestebåten. Det var ei stor ferje, med solide tiljer i bot­nen, denne ferja vart noko skral etter kvart, så det vart kjøpt ein firkeiping, ein sjøbåt. Han høvde ikkje så godt i lendinga, for der var langgrunt. Ein mann måtte leie hesten ut i vatnet eit stykke, ein annan heldt båten medan hesten steig inni. Merkeleg nok kan eg ikkje hugse at hesten slo seg vrang. Kvitemerra vår var ikkje så snild alltid elles, ho både beit og «slo opp». Men i båten stod ho som ein prest.

    Nedom vatnet hadde me «hytter» der langkjerrene stod, så var det å spenne hesten for og køyre til sjøen – til Hosteland. Det var ei heil dagsreis fram og attende. Ofte hadde ein mann ærend for dei andre naboane óg. Slik hjelpte alle kvarandre etter tur. Etter kvart som vegen åt seg oppover langs nordsida av vatnet, vart óg hyttene ( i alle fall ei) flytta, og då det óg var komen bru over elva, kunne me gå gjennom marka med hesten til saga, der kjerra stod.

    Men skulle tunge lass fram, måtte båten brukast heilt fram i trettiåra. Så Vatnet var den viktigaste ferdslevegen til me fekk veg heilt fram. Ulukker på vatnet hende det ikkje i «mi tid». Men først på dette hundreåret drukna ein 11-års gamal gut. Eit gammalt sagn fortel om eit ektepar som hadde vore til kyrkje på Sandnes. Kona var staskledd, ho hadde «kyrkjegang etter barnefødsel». Kansk­je hadde dei hatt barnedåpog. Det vart uveér, så mannen let kona vera att på Hosteland. Sjølv ville han gå heim, det låg is på vatnet. Sagnet seier at han tok sylvbeltet til kona med seg. I uveret gjekk han seg i ei råk ved «Slottet», litt ovanfor der vatnet smalnar av ned mot elva. han vart aldri funnen, heller ikkje sylvbeltet. Dette skulle vere ein som tok opp Kvamsdalen som «øydegard», heiter det i sagnet.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22