Skip to content

Den gamle garden

    Det som kyrne gav oss, var helst til husbruk. Ja, eit og anna kilo smør vart nok sendt. Om vinteren var ikkje produksjonen så stor, for det meste vart det satsa på vårbære kyr. For om sommaren fann dei seg maten sjølve, og beitet var godt.

    Arbeidet i kyrefloren var det kona i huset som stod for. Kanskje ein halwaksen unge kunne vere med, koste og brynne og så bortetter. Me var heldige som hadde spring i floren. Det var ikkje så mange som hadde det, og då vart det vassbering attåt det andre.

    Mjølka vart separert, og det var helst skummamjølka me brukte til mat. Surmjølk var dagleg kost, fløyten eller rjomen såg me ikkje så mykje til. Når det vart kinna smør, fekk me «kinnekling» attåt fisken og potena den dagen, det var fest.

    Om me no ikkje la så mykje merke til det me fekk frå kyrne, så merka me det i alle fall der­som dei var «turre» eller «gjelde», som mange sa. Då vart det vassupe og vassgraut – og ikkje ein gong fløyte i kaffien.

    Om no kyrne førde eit stille liv om vinteren, så endra det seg når me «løyste». Som oftast løys­te alle naboane same dagen – og det var litt av eit liv. Heile husly­den måtte vere med å møte og jage på. Bølingane kom ikkje ihop før på Maribakken, med alle folka sitjande på Marireset som tilskodarar, det vart utkjem­pa meng ein hard kamp millom gamle kjenningar og rivalar frå sist sommar.

    Det var helst kvinnfolka som «gjekk til kyrne». I dette uttryk­ket ligg akkaurat det som me gjorde : leitte opp kyrne der dei var, mjølka dei og bar mjølka heimatt. To og to buskapar fylgdest åt, så det var ikkje så trasig arbeid – dersom veret var nokonlunde bra. Men nokre timar pr. dag måtte me rekne.

    Dersom kyrne var vanskele­ge å finne, kunne det li bortimot middag før me kom heimatt, sjølv om ein starta i halv seks-tida. Slike leitedagar var heldigvis sjeldne. Men kyrne drog langt av garde, det var sjeldan at dei vart jaga «heimove»» før me skulle flytte til sæters. Men då visste dei kva «tida var liden», det var ingen som måtte jaga dei dit.

    Garden – stengslet – mellom heimebeitet og fjellet måtte vere opna, så kyrne var oftast med sætra før folket. Dei roa seg for­resten ikkje lenge ved sætra, men trekte opp i høgdene. Om det var heitt og mykje klegg eller blin­ding, var det helst oppå dei høgaste toppane dei slo seg til. Der var oftast ein liten bris som bles «åtet» bort.

    Særleg bra var dette når me skulle mjølke. Ikkje alle tolde så mange kleggebit, det hende at eit spark tok både mjølkebytta og det som var i henne. Men for ein trivnad dyra hadde! Ho gamle «Belta», som hadde mjølkefeber om vinteren, stod og saup i seg fjellufta, jorta og let att augo. Ho var så lukkeleg som berre ei ku kan vere, med nøgda mat og tjørner og bekkar å drikke seg utyrst i!

    Ikkje mindre lukkelege var me sætrejentene. det kunne nok vere stridt mange gongar, tunge tolvkannebytte på ryggen ned­over stupbratte hang. Visst rø­ynde det på knea ! Men når ein kom til setret og fekk setje børa av, var slitet gløymt — til neste morgon eller kveld.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22