Skip to content

Den gamle garden

    Julebaksten var siste førebu­inga : Lefser, potetlefser til «kling», julebrød med rosiner og sukat, kanskje kringler eller smoltringar, slikt vart berre laga til jul. Anna juleknask var litt eple og appelsiner og neter, ja, netene plukka me helst sjølve, for der var mykje hatl i marka. Men ikorna var grådige etter dei, så det galdt helst å ta dei før dei «slepte hamsen», og late dei modnast inne.

    Julegåver var det ikkje så flust med, helst var det heimelaga saker, spøta eller sydde utover haustkveldane. Men det hende og at det var «kjøpeting». For om hausten fekk me besøk av kram­karar som hadde litt av kvart i skreppa eller kista si.

    Eg hugsar to av dei : Han Skreppe-Torkjel for omkring med ein skinnransel på ryggen. Best hugsar eg han By-Hans. Han hadde ei lita kiste som han hadde mykje fint i. Det var silkesløyfer til å ha i håret, kammar, hårklemmer og nåler, ja han hadde både perleband og ringar med stein i. Han budde hjå naboen vår når han fór ikring i dei næ­raste grendene, så det vart godt høve for oss ungane å sjå kva han hadde i kista si. Pengar var det smått om, men for ein tiøring eller to fekk ein gjerne ei hårklemme. I alle fall kunne ein håpe på ein småting til jul!

    Siste sundag før jul vart kalla skitnesundag. Då var det ikkje så nøye om ein hadde på seg sundagsklede eller om golva var så reinskurde. Så vart liksom alt så mykje finare når julaftan endeleg var der.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22