Skip to content

Den gamle garden

    Dersom ein skulle rekne slak­ting for haustarbeid, så tok det til lenge før. Storebukkane var dei første som måtte takast. Gjekk dei for lenge vart det bukkelukt av dei, og kjøtet fekk «smak». Så kom det driplande eitt og anna kje utover somma­ren så mykje me fekk sosekjøt til ei helg. Ferskt kjøt vanka det elles berre i slaktetida, og den rekna me vel frå når det vart saueslakting.

    Det var inga fast tid for sauesanking, utanom for dei ute frå strilelandet som hadde sauene i hage i fjellet. Våre sauer vart oftast sleppte att så lenge beitet var nokonlunde. Så var det å passe på å få dei inn når dei var turre, elles vart ikkje ulla fin.

    Saueklyppinga var elles ei onn for seg. Stova vart rydda for bord og stolar. Ein og ein vart sauene leidde inn og befridd for den varme pelsen. Dersom me hadde ein del beist i talet, vart ein ikkje ferdig på ein dag. Då vart det og bestemt kven av lamma som skulle «setjast på» og kven som skulle slaktast. Mest alle verelam vart vel dømde til slakt, dei «simpelamma» som skulle leve fekk ha ein liten dott ull att på eine bogen. Det vart kalla for livdedott, men så mykje livd var det vel ikkje i den. Kanskje tydde det berre «merke på liv» ?

    Den dagen slaktinga gjekk føre seg, heldt me kvinnfolka oss langt unna køyrebrua der karane på garden – og kanskje ein leigekar – tok livet av sau etter sau. Nokre stader var ei kvinne med og «rørde i blodet». Hjå oss slapp kvinnfolka den jobben. men når det etter ei stund vart bore kassar med innmat inn til elva, var det vår tur : Å rekkje tarmar eller å «halde i» når dei skulle gjerast reine måt­te eg vere med på frå tidlege barneår. Lukta av «råslag» var ikkje god; det hang i hendene sjølv om ein vaska seg aldri så godt. Og arbeidet var slett ikkje slutt når ein var ferdig med elva ! Nei, då skulle tarmar, vom og vinstrar skrapast reine. Dette føregjekk på eldhuset der storegryta var full av varmt vatn til å duppe nedi det som skulle «rabbast». Ja, også alle saueføter, fire frå kvart beist, måtte rabbast, det vil seia få bort hår og klauver, det vart til herlege syltelabbar som smakte godt, sær­leg når lysten på kveldsgrauten eller «sveisa» ikkje var særleg stor.

    Storegryta – eller ystekjelen – vart  fylt halvt opp med vatn på nytt, og så vart det pylsekoking, blodpylser. Først måtte me lage til «ilåt», tarmar eller stykke av vomme som vart sydd i hop. Det var ein kunst å ha røra passe tjukk og ilåtet passeleg fullt. Var det for mykje i, sprakk ilåtet og innhaldet løyste seg opp i «so­det». I pylsene måtte det óg vere litt feitt. Ei stor og fin nekkje vart brukt, eller helst nyretalg. Når ein åt pylsa varm, plukka nok mange ut dette feittet, men når dei var kalde, skorne i sneier og steikte på steikjepanna, var det godt.

    Det vart gjeme kokt store mengder med blodpylse på ein gong. ,»Det er ikkje så nøte med ei pylse i slaktetida,» heiter det. I dette ligg vel skikken med å gje bort pylser til dei som ikkje hadde slaktedyr.

    Me tok óg med pylser til slekt­ningar i byen. For det vart oftast ei byferd når ein hadde produkt, både ost og smør, å selje, eller få oppgjerd for varer som var sende før.

    Uti september var det slutt med ystinga, geitene vart slepte på vidda, me henta dei gjeme heim ein og annan gongen i først­ninga så dei vart av med det som lagra seg i juret. Vart det for sprengt, kunne det bli jurbetennelse. Denne mjølka kunne ikk­je brukast til ost, helst var det vel grisen som fekk seg eit godt måltid, eller ho kunne brukast i brødbakst.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22