Skip to content

Den gamle garden

    Om sundagane gjekk ingen heim. Til og med «setrekallen» vår, han gamle Andrias, heldt seg i ro då. For det meste kom det besøk, folk heimanfrå, eller andre. Av og til kunne det ta til natt til sundag. Då var det helst ungdom nede frå bygda som ville ha seg ei stølshelg.

    Me setrejentene var vel ikkje alltid så glade for å verte vekte midt på natta av skramling rundt setra og dunking i veggar og dører. Ei «loke» for døra var alt stengslet me hadde, og det heldt ikkje lenge. Eg hadde funne ein høveleg stokk som eg sette på tvers av døra innvendig. Den vardet ingen som greidde å «knekke», difor slapp eg «invasjon» om natta, sjølv om det vart lite søvn. Litt sure miner var det nok fordi gjengen ikkje hadde fått det som dei ville.

    Var det nokon av jentene som fekk kjærestebesøk, var det om å gjere å uroe så mykje som mogleg. Nokre gongar hadde gjestane med seg ein boks fiske­kaker til middagsmat sundag. Men ofte hadde dei ingen ting med, så me måtte setje hella over varmen og steike rørekaker.

    Rjomekolle sette me alltid opp til helga, så det var gjestebods-kost god nok. Dersom det ikkje kom så mange gjestar, delte me jentene og han Andrias ei rjome-kolle til kvelds sundag. Var det endå noko att, vart rjome og mjølk rørt saman med «åsjuke» ( «ostkjuke» ) og bore heim. Så fekk dei og smake setrekosten.

    Uti slutten på august tok kyrne til å trekkje ned i liene. Sommaren var slutt, og me budde oss på bufarhelg. Dei siste dagane kokte me dravle og laga mjølkost slik at det skulle verte minst mogleg å bere med seg heim.

    Laurdagsmorgon møtte heimefolket mannjamnt opp. Alle som kunne gå – og bere noko, om det var aldri så lite -var med. Det vart gjerne ei lang rekkje, bortimot 15-20 personar etter kvarandre langs Setretjørna. Avstandane vart litt større etter kvart, alle gjekk ikkje like fort.

    Slik som me hadde lengt etter å flytte til fjells, var det no godt å kome heim att: Laurdags kvel­den fekk me gjester, det kunne vere slektningar eller vener. Til kvelds var det rjomegraut, «Bufargrauten». Han skulle vere ordentleg feit, så det var nok ikkje alle som åt så mykje av han då. Men setrejenta skulle ha ei stor skål for seg, og grauten var god når han var kald. Nokre stader hadde dei den skikken at dei tok kald rjomegraut og mjølkost med til kyrkje om sunda­gen. Der vart «nista» delt med andre – helst nokon som ein hadde eit godt auga til.

    Det høyrest så enkelt og greitt ut, dette seterlivet. Men der var alltid noko å gjere. Når mjølka var i hus, skulle det separerast. Det skulle vaskast opp både stølebytte og andre kjerald. Kin­ning og ysting av ost var fast arbeid, for ikkje å snakka om stell av gamalosten:

    Fyrst måtte han få skikkeleg «skjegg». Det måtte «knekast» inn, og så måtte han ut i sola og turke litt. Sidan måtte han pakkast ned i gras eller «blom», så han kunne modnast. Denne proses­sen var ikkje alltid så enkel.

    Byfolk som kom på besøk, spurde alltid : «Har dere virkelig gammelosten i sengen ?» Dei var visst litt skuffa over at me ikkje hadde det. Men me måtte passe vel på han, elles «spaserte» han gjerne sjølv. Det kunne gå makk i han, så det var å sjå om han både titt og ofte. Når me buførde, fekk me gjerne ikkje med alle gamalostane den dagen. Men då var det helst kjøleg i veret, så det var ikkje så farleg om dei vart liggjande att ei vekes tid.

    Mysebrimet, som me hadde kokt av surmysa, måtte stå att. Det var enno tunt som vatn, og når nokon gjekk forbi setret utover hausten, måtte dei alltid stikke innom og røre i mysebrimet. Når snøen la seg i fjella, var det stivt og fint, ein kunne skeie det opp som smør. Surt var det, men litt sirup eller sukker oppå, var det godt pålegg oppå potet­kakene.

    Avdråtten frå setra varde såleis lenge utover vinteren, så seterjenta var ein viktig person både av det ein selde og det me sjølve skulle leve av.

    I ti somrar hadde eg dette «yrket». Første året var eg berre fjorten år og gjekk for presten. Då var mor og med på setra. Siste året, i 1949, var eg heilt åleine der. Dei andre naboane hadde slutta å vere på fjellet. Eit langt og viktig kapitel i fjellgar­den si soge var slutt.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22