Skip to content

Den gamle garden

    Vatnet

    Mesteparten av dalen er det Vatnet som fyller. Snakka me om andre vatn, vart det alltid nemnt namn : Ostavatnet, Longevatnet, Sleirsvatnet osb. Men hjå oss heitte det berre Vatnet. Det spela då òg ei hovud­rolle i vårt daglege tilvære.

    Vatnet var både stengsle og ferdsleveg. Stengsla kunne vare lengre eller kortare. Austavindrok med farlege kastvindar ned frå fjella kunne vere ille nok. Men verre var det når det la seg «meinis». Då var det korkje roan­de eller gåande.

    Vegen åt seg langsamt fram oppmed Stranda på nordsida, ein eller to «akkotar» for året. Men det leid langt fram mot 30-åra før han rakk i hop med Byrkjelandsvegen. Bru over «Storelva» hadde me heller ikkje før i 1927. Strendene på begge sider hadde svært ulendt ter­reng, ein måtte ta lange omvegar skulle ein kome til sjøen den vegen. Vatnet var difor vegen vår, både vinter og sommar.

    Dersom isen la seg på skikke­leg vis, hadde me den finaste kjøreveg som nokon kunne ha. Var det stålis vart skeisene flittig brukte både når me skulle i skulen og elles. Om kveldane eller i helgene fór ein gjeme så lenge og «rende», at føtene var heilt bortdovna. Det galdt å få skeisene til å sitje fast, dei var gjerne for store eller for små. Så måtte reimane dragast hardt til, noko ein helst måtte ha hjelp til. Etter mange timar på isen var føtene så kalde og bortdovna at det var så vidt ein stolpra seg oppatt frå vatnet. Men moro var det, så neste dag måtte ein ne­datt likevel…

    Godt vinterføre og sterk is var óg nødvendig når karane skulle hogge i skogen i Eikelia eller Hesjelia. Då kunne ein køyre veden eller tømmeret like heim, i staden for å slite med det i båt eller å «flote». Lettvint var det óg å køyre til sjøen til handelsman­nen så lenge isen var køyrande. Då kunne turen gjerast på 3 – 4 timar, elles måtte me rekne med heile dagen.

    Lengste tida av året var det likevel båten som var framkomstmiddelet. Nedmed Vatnet – i lendinga – stod tre naust, kvart bruk hadde sitt. Ja, dei i Hogen hadde eiga lending, Hogarvika. Kvart bruk hadde og sin eigen båt – eller ferje, som me kalla denne sorten. Dei var litt ulike på skap, ettersom opphavsman­nen sikkert ikkje var den same.

    Vår var helst smal, frampar­ten heva seg fint opp frå vatnet og tverrbordet i framskuten var lite. Ferja låg fint på vatnet og var lettrodd, men ho var ikkje så stødig i vind. Hamreferja var breilagd og tung, men stødig. Den tredje, som høyrde til «bort hjå dei», var visst størst, både breid og tung — og så var ho måla med ein slags bleikraud farge. Det var helst denne me ungane for og kapsa i, ho skulle visst vere omtrent veltesikker.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22