Skip to content

Den gamle garden

    Mattradisjonane var faste og vel innarbeidde. Då var einaste dagen at hovudmåltidet, midda­gen, var om kvelden. For då skulle alt vere unnagjort, både i floren og huset.

    I vanleg middagstid fekk me smake på grisesylta eller rullepylsa – kanskje vanka det óg «mølje», det vil seie flatbrød med kjøtfeitt over. Julematen om kvelden var lettsprengd torsk, som var henta nedmed sjøen nyst før jul. Med poteter, flat­brød og nykjema smør smakte det ekstra godt.

    Etter måltidet las far juleev­angeliet, og me song julesalmen «I denne søde Juletid». Juletre­et, som var kome or skogen same dagen, stod pynta med lys og sjølvlaga korger, ja, kanskje nokre blanke kuler og norske flagg. Treet vart flytta fram på golvet, og alle tok kvarandre i hendene og gjekk rundt og song julesongar. Det var ingen som trong bok for å synge dei, for me hadde øvd på dei både i skulen og heime, også slike med både åtte og ti vers !

    Det vart sengetid denne kvel­den og, kanskje litt seinare enn vanleg. Me gjekk til ro, men lampen skulle brenne heile jule­natta, det var gamal skikk, sjølv om me vel ikkje trudde noko på at alle vonde vetter var ute denne natta. Forteljingar om Lussenatta som var so lang at kyrne beit tre gonger i bandet sitt, og om Julereia som for etter vegane i mørke kveldar, hadde me nok fått høyre. Så litt mørkredde var me nok, alt var liksom onnorleis i juletida.

    Første juledag måtte ingen gå nokon stad. det vart ofte ein lang dag for oss ungar som elles kvar dag for inn og ut hos naboane. Men andre juledag var «forbodet» oppheva, då var det tida for julegjestebod og juletrefest.

    Det var sjeldan me fekk be­søk av slekt og vener langvegsfrå i juletida. Oftast låg det is på vatnet, og snøen var tung å ta seg fram i, for det var inga brøy­ting anna enn dei «brautene» som vart når folk gjekk eller køyrde med hest. Men alt dette var som det skulle vere, naboa­ne gjekk til kvarandre, og nokre julekort kom det frå slekt og kjenningar, så visste ein då at dei levde.

    Juletrefesten i skulehuset var høgdepunktet i julemoroa, med stort juletre som rakk heilt opp i taket, sjokolade kokt på ovnen i gangen, opplesing av skulebor­na, gong om juletreet – og så julenisse som gav ei appelsin eller eit eple til kvar av ungane.

    Jula var over med sine store og små gleder – eller kanskje vonbrot for nokon. Året var «nytt», og med ynskje om «Godt nytt år» såg både store og små fram mot lysare og lengre dagar.

    Slik var livet på den gamle garden.

    Ragnhild Jung

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22
    « Forrige1 ... 2021 22