Skip to content

Den gamle garden

    Onner

    Arbeidet på garden varierte etter årstida. Sola kom att i mars, og me kunne ikkje vente oss noko vårarbeid før uti slutten på april. Då hadde karane det tra­velt med å få møka ut. Frå geitefloren vår var det ikkje råd å bruke hest og møkakjerre. Men der hadde me ein «dobbel løype­streng» ned til løa.

    Teknikken var grei: Løypes­trengene gjekk omtrent ihop oppe, men nede var dei festa eit stykke frå kvarandre, litt høgt frå marka. På kvar streng hang ein avlang kasse på blokker. Kassen hadde botten med hengsler på eine sida, og ein pinne til å stenge og opne med på den andre sida. Desse kassa­ne var festa i ein vaier som var knapt så lang som den eine stren­gen. Dette verka slik at når den eine kassen gjekk ned, vart den andre dregen opp av tyngda og farten.

    Einkvan stod oppe og lesste kassen full med geiteskit, sleppte den så nedover der ein staur stod passeleg nær slik at låsepinnen fekk eit slag. Dermed opna botnen seg, så møka datt ut. Då var den andre kassen oppe att, og det same kunne repeterast, oppatt og oppatt. Arbeidet var ikkje tyngre enn at unge og kunne stå der og lesse. Det var moro­samt nok til at ein heldt ut ei stund…

    Vårarbeidet elles var helst mannfolkarbeid. Hesten måtte óg i arbeid, med å dra både plog og harv. Ein kornåker – havre helst – måtte me ha, i alle fall såpass at det var til sengehalm. Jau, eg hugsar og at havren vart til mjøl på kverna. Potetåkeren vart nok pløygd, gjødsla og harva, men potetene vart spadde ned med handemakt.

    Grønsaker var eit ukjent produkt hjå oss. Eg vart veldig interessert i kålrabi som eg fekk smake når eg var på besøk hjå onkelen min nedmed fjorden. Eitt år fekk eg litt kålrabifrø, og fekk og lov å så dei i ein åker­lapp. Eg stelte vel med dei slik eg hadde lært, så dei nknytte seg» fint. Men utpå sommaren tok blada til å verte så «holete», og ved nærare ettersyn var dei fulle av åmer ! Eg gjekk til angrep væpna med ei gammal skei og ein fiskebolleboks til å samle åmer i. Kor det gjekk ? Det vart i alle fall nokre kålrabiar som vart etande.

    Verre gjekk det med dei vakre blomane eg drøymde om å få til. Mold og møk vart bore til rettes i ei kipe. Med medfødt snekkarkunst vart ein kasse snekra att­med husveggen. Ein frøpose med blomkarsefrø med fargeglade bilete utanpå vart kjøpt inn, ei stor investering i dei dagar. Oppover veggen vart det laga til trådar som blomkarsen skulle klatre på, akkurat som på bile­tet. Ventetida til den første blo­men viste seg, var lang, men etterkvart kom det fleire – og gleda var stor!

    Men akk og ve – det fanst eit kje i nabogarden som hadde vore for ungt til å vere med då dei andre vart sende til fjells. Denne «kjiå» hadde fått smak på blomkarsen, og blomane vart borte så snart dei viste seg. Kor vel eg passa på, så var dette udyret der og nappa dei. Så eg lærde tidleg at arbeidet med å få til noko nyttig eller vakkert her i verda ikkje var utan fiendar.

    Same erfaringa hadde eg med granplantar som eg fekk med heim etter skogplanting på sku­len. Dei fekk aller nådigst ein plass attmed ein mur. Men då graset det skulle slåast, vart granane slegne og. Slik gjekk det arbeidet og den vona opp i inkje !

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22