Skip to content

Den gamle garden

    Siste slaktesjauen i året var litt før jul, då måtte grisen til. Han hadde levd eit roleg liv i floren medan dei andre dyra fekk eit fritt tilvære i fjellet. Frå han kom til gards som ein liten lyse­raud «marsipangris» 8 -9 måna­der tidlegare, hadde han no vorte litt av ein rugg. I det siste hadde han fått ekstra mjøl, han var blitt gjødd. Det var ikkje snakk om «Stjernegris» i den tida – det var skikkeleg tjukne på sideflesket!

    I mange år var det ein mann i nabolaget som var fast griseslaktar. Ungar og kvinnfolk heldt seg godt innomhus til grisen var teken av dage, men så kunne me ta oss ein tur inn i eldhuset. Der hadde dei teke døra av hengsle­ne og lagt henne opp på bukkar. Oppå der låg no grisen. Ved sida av stod koparkjelen over var­men, full av kokande vatn. Eit par karar dreiv og skolda og skrapte bust. Det var mest ikkje råd å sjå dei att i all dampen.

    Når dette var gjort, vart griseskrotten heist i talje opp under ein bjelke, og der vart han hen­gande nokre dagar før han vart til skinker, sideflesk og kotelet­tar. Mesteparten hamna i saltestampen, berre litt vart lagt til sides ferskt, til julemat.

    Grisehovudet vart kokt i ti­mevis, reinska av beina og laga til persesylte. «Nekkja» av gri­sen vart malen og kokt, dette var smoltet. Noko vart salta og brukt som smør, men godt var det ikkje. Det smakte gris ! Betre var smoltet når det vart nytta til å koke smoltringar i.

    Ja, det vart mykje mat av ein gris, men så skulle det vare heilt til neste haust – i alle fall fleskeskinkene!

    Så var då endeleg slaktetida over. Men endå var det nok å ta seg til, særleg for kvinnfolka, det skulle vaskast til jul i alle krokar og krær. Og så skulle det bytast halm i sengene. Strimadrassene vart borne i løa, det gamle inn­haldet tømt ut og ny frisk halm fylt i. Så vart madrassene borne innatt i sengene, der det no lukta reint og friskt av grønsåpe og vatn. Då var det mest som jula var komen til gards.

    «Det må vere ferdig til jul», og  «Me skal ha det til jul» var noko me ofte hadde høyrt utover hausten. Ein kunne mest ikkje tru at det kom dagar etterpå !

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22