Skip to content

Den gamle garden

    Når det galdt kvinnfolkarbeid, fekk me hjelp til flatbrødbaking vår og haust. Men også når det skulle setjast opp vev hjelpte nabokonene kvarandre. Og når det elles trongst ved sjukdom, fødsel, bryllaup eller gravferd, var det eit godt samarbeid.

    Eg hugsar godt siste våren far levde. Han hadde store smer­ter, og dei smertestillande dro­pane var oppbrukte. Doktoren budde på andre sida av fjorden, på Lindås, og så vidt eg minnest var det midt i påskehelga – Langfredag – og ruskevér. Då tok fleire av karane i nabohuset ut, dei gjekk til Hosteland, rodde over Fensfjorden til Fanebust, gjekk til Lindås og fekk tak i medisinen – og  så var det same vegen attende. Dette minnet sit fast, eg var berre ti år då.

    Elles var det vel slik at særleg me ungane gjekk ut og inn hjå naboane som i vår eigen heim. Var det ein stille ettermiddag kunne kona i huset ta spøtet med og ha ei pratestund med nabokona. Sundags ettermiddag var elles ein slik besøksdag, ein måtte ikkje vere beden for å gå innom til naboen.

    Når me ungane var byrja i skulen og hadde lært ungane på hi sida av vatnet å kjenne, hende det nok at me tok sundagsturen bortom på den sida. Alltid fekk me mat hjå dei me kom inn til. Dei spurde kor det stod til heime hjå oss og bad oss helse heim. Slik kjende me oss velkomne kvar me kom, som det og heiter i songen : «Heime var eg so vida kjend og slapp inn kvar eg ville, i kvart hus i den heile grend um endå folket kvilde…» Nett i mid­dagskvila gjekk me ikkje inn til nokon, då måtte det vere svært nødvendig.

    I dei fleste heimane vart det om sundagane «sunge og lese» etter ein hadde ete til middags. Då måtte alle – også dei minste – sitje pent i ro. Etter me var byrja i skulen kunne vi mange salmar, så då var det kjekt å vere med å synge. Elles kunne vel «lesteren» vere noko kjedeleg, men det høyrde med og gjorde skilnad på kvardag og helg. Det var ikkje så ofte me reiste til kyrkje, for det var lang veg og tok vel omtrent tre timar kvar veg med roing og gåing.

    Hausten var eigentleg ei tra­vel tid. Sjølv om geitene styrde seg sjølve til snøen jagde dei heim, så var det andre dyr som ikkje gjorde det. Sauene måtte ut kvar dag så sant det ikkje var altfor surt. Men no var dei snaue og kunne ikkje liggja ute. Det var ikkje å venta at dei skjøna dette, og dersom dei for om Kuleberget, var det å skunde seg opp gjennom lia. Kanskje greidde eg då å kome oppom dei før dei for om Vindskaret ? Det var så eg kjende blodsmak i munnen når eg gjekk så fort eg kunne opp motbakkane. For dette var min jobb for det meste.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22