Skip to content

Den gamle garden

    Men «Kletten» er no storka­ren i landskapet, han. Ungguta­ne bar med seg sprakje og anna brennbart heilt opp på Kletten og brende jonsokbål der ! Det lyste nok «vide om land», mest som gamle dagars «vardevakt».

    Mot vest endar Kletten i stup­bratte hamrar, der desse ham­rane møtest med eit rolegare landskap, kjem sola fram akku­rat i middagstida. Så heiter det og «Middagsskaret». Rett oppå fjellkammen ligg eit lite vatn, og elva frå det går rett utfor brattfloget. Ho er ikkje noko tess når det er turrvér, men når det er snøsmelting eller haustbløyte kan denne sildrebekken verte til ein einaste foss som tek med seg både stein og jord.

    Frå Middagsskaret strekkjer fjellet seg vidare mot vest, og på «vår side» viser det oss «svartsida». Steile, svarte hamrar der det ser ut som svære blokker er meisla ut slik at det er ein slags portal i midten. Dette er «Døra», og den ga nok fantasien næring når me høyrde eventyr om risar og troll. Så heilt trygge kjende me oss ikkje i skuggen av Døra. Kanskje kom det eit troll ut ?

    Lenger vest går fjellet over i ein skogkledd ås som strekkjer seg heilt ned til vatnet. Sætretausene frå Mollandsstølen brukte å kome bortpå denne høgda og hoie ned til dalingane. Så har det og fått namnet «Tausefjellet». Uti der ein stad er det at sola syner seg att etter den lange vintersøvnen sin. Og der bed ho og farvel uti oktober att.

    Men der er fleire fjell austanfor : Kletten er ikkje fullt så utilnærmeleg frå aust. Det går nedover litt etter litt, småhamrar med grasflekker imellom skiftast om å gjere lendet lågare. Flatt vert det nok ikkje, men plass til ei lita tjørn og nokre fine grasbakkar vert det etterkvart. Oftast låg det ei stor snøfonn der langt utover føresommaren.

    Bakom ein liten botn reiser eit anna fjell seg : «Kjerringfjellet». Ei gamal segn fortel at her gjekk ein mann og ei kjerring og leita etter sauer ein gong. Så rauk dei uklar om eitt eller anna, og mannen skubba kjerringa utfor. Stupet går rett ned i «Svartegilet», ei glyvre mellom svarte, våte berg. På andre sida av gilet går ein smal sti over «Kråkeberget». Den var verkeleg nifs å gå, særleg når det var vått og sleipt i marka.

    Lenger aust står Jeiskebrekkå» og stenger for vidare utsyn. Fjella bakom der høyrer til som­mardagar og stølsliv; eller det som me kalla «å gå om fjellet», ferdavegen til ein annan del av bygda, det var godt vegsynt, det viste at folk brukte vegen.

    På nordsida av dalen er land­skapet annleis, opnare med låge skogkledde åsar, som likevel er så høge at dei gjev utsyn over grenda, elva og vatnet. Dette var heimemarka vår, haust- og vårbeite for sau og geit, og bærmark for oss ungar.

    «Marka» var mykje vidare enn det me såg frå garden. Der var holer og haugar så ein reint kunne gå seg vill om ein ikkje fylgde dei faste stigane, dei var alltid godt synlege då.

    Heile dette landskapet, med «haug og hei, lid og lund, rust og rante, fjell og finnar», var bruks­område i den tida. Her voks me opp, levde vårt liv gjennom skif­tande årstider. Livet på garden med jord og dyr gav innhald til dagane. Ein og annan gong var vel arbeidet litt for tungt eller slitsant – etter kreftene til utøva­ren. Dette var mi verd – og mange andre si – ei verd som er så radikalt endra at mange unge ikkje ein gong veit at ho har eksistert.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22