Skip to content

Den gamle garden

    Karfolka hadde sitt å ståke med, dei var i marka og hogde ved eller tømmer. Dersom det ikkje var for mykje snø, vart det køyrd heim med «drog» – i lange strangar. Sidan måtte dei sage det opp i høvelege lengder, kløy­ve og leggje i lad. Dette var ved til sommarsbruk – til geitostkoking. Om vinteren hadde me ofte rå ved. han vart lagt til turk i «ovnsportane» og under ovnen, eller i steikeovnen i komfyren. Det galdt å ha noko turt å kveik­je i, elles kunne ein verte ille ute. Særleg ille var det å steike brød med rå ved, det vart gjerne rårand då.

    Om kveldane tok karfolka ymse arbeid med seg inn. det kunne vere tinding av river, laging av skaft til ymse verktøy, eller treskograving. Parafinlam­pen i stova var den einaste lyskjelda, og det galdt å ikkje bruke lampe i utrengsmål. Difor sat gjerne karaane attmed ovnen med sitt arbeid. Etterpå sopte ein opp tresponane. det vart «kveiksle» til neste morgon.

    Treskograving var ein kunst som kvar husbond måtte kun­ne, for tresko var det fottøyet som me brukte dagstøtt. Dei hadde ulik fasong og utsjånad, alt etter kven som hadde laga dei. Våre var litt spisse i tåa, og far brukte å skjere inn mønster – «krote» – litt  på framparten. På dei andre gardane var treskofasongen onnorleis, så dersom det var framande tresko i gongen, viste me med ein gong kven som var på besøk.

    Å gå i tresko i snøen var ikkje alltid så enkelt. Det kom snart snø oppi skorne, han smelta og ein vart våt på føtene. Var snøen kram, vart det store klabbar under skorne, så det vart som å gå på stylter. Det galdt å finne noko å sparke borti for å få klab­bane vekk. Var det ein stein ein sparka mot, kunne det gå hardt utover treskoen; han klovna gjerne, så ein måtte gå heim på berre sokkeleisten.

    På holka kunne treskorne vere nokså lumske. Særleg når dei var noko slitne var det stor fare for at føtene vart som slegne under ein. Det vart mange harde møte med klaken av den grunn.

    Til «gåbortbruk» hadde me lérstøvlar med snøring. Utanpå vart det vintersdag brukt snøsokkar. Det kunne vere gamle strikkasokkar, eller slike som var meir forseggjorde – av vad­mål. Dei rakk oppunder kneet og var gode å ha på seg i laussnø­en, og i kulde gav dei kjærkomen varme, så snøsokkane var både praktisk og god fotbunad.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22