Skip to content

Slokna dagar og framfarne år

    Eg tenkjer på so mang ein slokna dag, seier Asmund Olavson Vinje i eit av dikta sine. Dei same tankane var det som vart drivkraf­ta til at ein flokk tidlegare elevar ved Kvinge tidlegare skule sette kvarandre stemne i det gamle skulehuset på Nordkvingo onsdag 31. august 1994.

    Det var to årskull som møtte fram, dei som byrja skulen våren 1921, og dei som byrja våren 1922.

    Av eldste årsklassen, der dei var seks, var to avlidne. Dei att­levande fire møtte alle fram. Års­klassen 1922 talde også seks, som alle lever framleis. Av desse møtte fem fram. Den sjette bur for tida i Oslo, og hadde ikkje helsa til å koma.

    Stor aldersskilnad på elevane i same årskull førde til at seinare årskull av konfirmantar ikkje kunne fylgja same mønsteret som då me byrja i skulen.

    Dei fleste hadde ektemakar med seg, slik at heile laget talde 14 personar. Veret var strålande og alle møtte fram med godt humør. Praten gjekk livleg rundt bordet, der det vart servert ekte, gamaldags rjomegraut «med någgå attåt».

    Skulen var todelt i den tida, med 3 årgangar i 1. klasse og 4 år­gangar i 2.k lasse. Dette førde til at dei yngre elevane kunne læra mykje av dei eldre i same klasse. Leikeplassen utanfor skulestova var heller liten, men den vart flittig nytta til dei leikane me hadde i den tida.

    Me lærde ikkje å sparka fot­ball, men det vart då normale samfunnsborgarar av oss alle like­vel. Det var skule berre annankvar dag, så det vart likevel nøgda av mosjon i hardt arbeid dei dagane me var heime.

    Ved bordsæta vart det drøfta mangt og mykje frå skuledagane, både lått og løgje, godt og gale. Ei hard påkjenning var det kvar vår, når me i ein songtime måtte syngja eit eller anna sjølvvald vers heilt åleine. Her vart det då mange kulminasjonar. Stakkars den som då hadde lite mot. Tenk å stå der og streva fram ein ulyd, medan alle dei andre i klassen sat med ein gråflir.

    Det var elles god takt og tone som var normen for all oppførsel ved skulen. Dei som hadde lang skuleveg, og som til sine tider kunne koma for seint fram, måtte alltid bukka eller neia for læraren når dei passerte kateteret. Det same gjorde me alle når me gjekk heimatt frå skulen.

    Skuledagen byrja med ei salme, og så las læraren Fadervår. Men før dette, hadde han ei per­sonleg bøn, som kunne variera noko frå dag til dag. Eg hugsa at han byrja denne forbøna soleis: «Herre vår Gud og Far, takk Herre fordi du også ville gjeva oss denne dagen i gåve.»

    Eg har tenkt ofte på dette seinare. Ingen ting kan vera meir korrekt enn starta dagen på slik vis. Skuledagen slutta også med salmesong.

    Når frikvarteret var slutt, stod læraren på skuletroppa med ei lita fløyte, som han plystra oss inn til ny time med. Men før me gjekk inn vart me oppstilt i ei bestemt rekkje, slik at me alle inne i skule­stova kom til våre respektive pultar samstundes.

    Inne i skulestova heng der bilete av tre lærarar, som alle har havt sitt arbeid her. Desse er Erik Ivarson Hope f. 9/1-1846, Kaspar Jetmundson Birkeland f. 14/9- 1877 og Rasmus Nygard f. 17/12-1900.

    Største opplevinga me hadde den tida me gjekk i skulen , var barnefesta 2. juledags kvelden, som lærarparet skipa til kvart år. Alle skuleborna med foreldre møtte då fram. Læraren held fyrst ein tale, så var det bordsæte der kvar hadde med seg mat heimanfrå. Kaffi og anna drikkande attåt maten var det lærarparet som spanderte. Etter maten vart bord og benkjer sett tilside, og juletreet vart bore fram Dei minste skule­borna vart oppstilte i ein ring nærast treet, og så dei større og eldre i ein større ring utanfor. Så tonar julesongane ut i stova med tonefylgje frå orgelet der Rasmus Nygard var organist. Her fekk me oppleva den maksimale livsglæda. Orgelbruset og barnesongen frå desse festane har fylgt mange av oss eldre elevar seinare i livet.

    Eivind Kvinge