Skip to content

Prolog

    Framført under 50-årsmarkeringa av Bjørn West, og opninga av Bjørn West-muséet, på Matre den 15. oktober 1994.

    Kjæraste konge
    og kjemper frå krigen,
    velkomen i berget
     for bjørnar å takke.
    Høyr, fossen i fjellet
    for freden har tagna!
    Stille, stille
    skal sigeren minnast.

    I minnet me ser:
    menn som tok ut

    krefter slik kavande foss
    gjer i fjellet.
    Vilje og von

    om å vinne gav styrke i striden
    og fiendestormen.

    I minnet me ser:
    menn som vart kalla
    brått bort frå heimen,
    frå byar og bygder.
    Mødrer og systrer
    visste så lite.
    Vener og kjenningar
    vondt berre venta
    .

    Kvar var dei?
    Kven tente del no?
    Var tankar som tidvis
    trengde seg på.
    Fly over fjella
    soldatskip i fjøra,
    var vonde varsel
    for dei som var heime.

    Verst var våren
    uvissa rodde.
    Ville fienden
    mennene finne?
    I trasige netter
    og timar tunge
    hjarta heime
    for bjørnane banka.

    Her under hær-fjellet
    Fienden fann
    heimar med småbarn
    som hustruer hegna,

    det dundra på dører
    del truga med døden,
    dei brende bu
    for bjørnar å hemne.

    Ta imot tyskaren
    tole og teie
    vart striden for folk
    under bjørnefjella..
    Ottast og alltid,
    alltid ense på argskap,
    slik var bodet
    for bjørnar å berge

    Grunn til å gråte
    fekk mang ein god granne,
    tyngst var taket
    då kampen tok til.
    Men sorg skal stillast
    og suter batne
    når krigar og kvinne
    slår kreftene saman.

    Stridast med sverd
    som soldaten med styrke,
    eller ottast og tole
    — slik skal vel all strid delast — fito.
    Kampen med våpen
    og kampen med viljen
    er krefter som alltid
    skal haldast thop.

    Hugsar de Egil,
    den stridslystne skalden,
    h
    ærmann og meister
    med boge og sverd ?
    Så misste han Bodvar
    han makta’kje leve.
    Tole og teie vart tyngst
    for den kjempa.

    «Kunne med sverd,»
     sukka stridsmannen Egil
    «med sorga eg stride,
    då skulle Æge
    ei uferd få.»
    Mot storm og hav
    han med våpen ville,
    makta’kje sorga på anna vis.

    Ikkje hadde Egil

    avl imot Æge,

    den fienden beit ikkje
    sverdet hans på.
    Mismodig
    stridsmannen stengde seg inne,
    svolten
    skulle f
    å ta han.

    Men Tordis kom til han,
     trufast og tagal,
    gjekk inn i striden
    som sverdmannen skydde.
    Listig lyfte ho drikkehornet
    kj
    ærleg mot krigarens
    livlause lepper.

    Då all kraft var borte
    fr
    å krigarkroppen,
    gav Tordis han livet
    med nærande tolmod.
    Tole og teie
    det kunne Tordis
    då sverdet svikta
    i sorg.

    Egil og Tordis,
    v
    åpen og vilje,
    ulike krefter bunde i hop,
    ulike krefter som
    kjempa for livet,
    som bj
    ørnar i fjellet
    og folket i bygda.

    Bygda og bjørnane
    bunde i saman
    i striden for freden

    da fienden fór her.
    Fossen frå fjellet

    bunde i berget
    har stilna i minnet om
    veldige krefter i krigar og kvinne !

    Djupt inni berget
    sit kongen med bjørnar.
    Bygda har bede dykk hit
    for å minnast.
    Stilla skal tale
    om tolmod og truskap

    krefter i krigen
    for freden

    Høyr, Herre Konge,
    kor kreftene tek!

    Sjå, alle bjørnar,
    kva krefter  vi har!

    Erna Osland