Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Eit oversyn.

    Bestefar min, Rasmus, byrja eiga fargeriverksemd i 1889. Då var han berre 21 år gamal. Året etter gifte han seg med Sygni frå Neset på Sandnes. Far hennar, Martinus, åtte «Urdi», eigedomen ovanfor dampskipsbryggja. Her stod eit «etter måten stort hus», dessutan ei stor sjøbu. Fleire uthus var det sikkert óg. Det var her «R. N. Kvamsdals Farveri» kom igang. Han byrja nok i det små, med eldstad, nokre kjelar og fargekar.

    I 1898, same året som far min, Martinus, kom til verda, sto det nye huset ferdig med fargeri i kjel­laren. Han hadde då kjøpt ein «kipp» eit stort fargekar, og ei skrupresse. Berre 4 år seinare sette Rasmus opp tilbygget me no kallar fargeriet. Han kjøpte damp­kjel, dampmaskin og eit stampeverk. Då hadde Rasmus nett vore på si fyrste stipendiereise. Året 1913 drog han ut på si andre reise. Deretter kjøpte han ei større dampmaskin, ein større dampkjel og ei ny stampemaskin, ei såkalla valke. Dermed var det slutt på dei meir omfattande endringane.

    Far min, Martinus, byrja i fargeriet etterkvart. *an tok over tidleg på 30-taleL Bestefar døydde i 1937, og 17 år seinare, i 1954, vart Kvamsdals Fargeri nedlagt. Bygningar, maskiner og anna står den dag i dag i det store og heile slik som då det var i drift.

    Var der fargeriverksemd på Sandnes før Rasmus byrja?

    Masfjordboka (L.Nordland 1. band, 2.utgåve ) gjev nokre forvit­nelege opplysningar. Det er ikkje fullt samsvar millom dei ymse frå­segnene, men noko kan me likevel finna ut

    På s.619 er bruk nr.11, Nesheim, nemnd. Her les me om Trond Fjellanger som laut flytta frå Neset. Han grov då ei hole i sand­bakken ovanfor Nesehusa. Der innreidde han bustad og flor. På s.603 der Neset er omtala (Nordland kallar staden «.Sandnesneset»), står det at Trond flytte frå Neset i 1786, og sette opp eit steinhus mellom Ne­sehusa og «husa til R. N. Kvamsdal». Dei sistnemnde kom opp fyrst hundre år seinare, men stadnemninga er ikkje å ta miss av.

    No høver det å sitera rett frå s.619 : «Dette huset ( steinhus eller hole, RKs merknad ) stod så seint som i 1860-åra eller seinare, kunne gamle, litande folk fortelja. Og i dette huset budde Per Larsen ( Per i Urdi ). Han har på ei eller onnor vis vorte eigar av huset, med di sonen får kjøpekontrakt i 1879. Då ( sonen ) Anders fekk bygsla plasset i Solheimsøya, selde han huset til Sjur Nilsen. Han var frå Kalhovda, bnr.4. Sjur var utlærd fargar, og hadde etter opplysningar av eine bror hans vore tenkt å driva handverket der. Huset er av han truleg vorte ombygd til føremålet, men av ymse grunnar kom han ikkje til å bu der. Han må seinare ha overdrege huset til Johan Bernt­sen ( son til Bemt Furebotn ), som óg var fargar, Sjur og Johan var syskenborn. Huset datt ned, men tomta var i 1930 seld til Malvin L. Kvinge av Guri Berntsen, enkja etter Johan Bemtsen…. M. L. Kvinge sette opp eit matertalskur på tufti.

    Bruksnr. 11 må denne hus­tufta ha fått ved salet i 1930.»

    No kan me lesa vidare på s.629 der bygdebokforfattaren skriv om Peder Larson, innflyttar frå Oster, f. 1809, d. 1882. Han hadde 5 born. Me les: «Peder Larson budde ei tid i Stordalen, der sume av borni er fødde. Sidan fekk han seg hus på Sandnes og reiste ikring på arbeid, millom anna ve­garbeid. Han vart kalla Per l Urden, etter der huset stod. Men kvar huset stod, kan ein ikkje seia, men det var på bruk 2 – 24.1.1879 kjøpekontrakt frå Peder Larson til sonen Anders på seljaren sine hus for kr 240, Peder skulle framleis ha rett å bu i husi 26.10.1885, kjøpe­kontrakt frå Anders Pedersen til Sjur Nilsen for 500 kr. Husi hev truleg vorte rivne og flytta. Kven Sjur Nilsen var, er ukjend.»

    No er det retteleg at fantasien kjem i sving. Kanskje er det tale om to hus, eitt på bruk nr. 11, kan­skje av stein, som datt ned etter 1860 ein gong. Det er lite truleg at eit steinhus vart flytta. Kanskje sto det eit anna hus i Urdi, som Per flytta inn i, og etter kvart vart eigar av. Det høver likevel ikkje med utsagnet om at huset sto på bnr.2  «Urdi», eller «Humlegårdsstien», vart skilt ut frå b.nr.l i 1848, medan nr.11 Nesheim der Trond Fjellang­er byrja meir enn eit halvt hundre­år tidlegare, litt innanfor grensene til bnr.2

    Det som i alle høve går fram, er at det var to fargarar innom Sand­nes på siste del av 1880-talet, Sjur Nilsen og Johan Berntsen. Det er ikkje klart om dei dreiv fargeriverksemd, og om dei så gjorde, i kva omfang. Det kan ha vore i Urdi. Me må hugsa at det ikkje trongs stort for å driva ei mindre verksemd, berre eit eldhus. Me veit og at det var vanleg å kalla eit større eldhus for «fargeriet» rundt om i landet, noko som synte kva verksemd som frå tid til anna gjekk føre seg.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
    1 23 ... 16Neste »