Skip to content

Ordføraren sin tale 15. oktober

    Dykkar Majestet, herr ambassa­dør, fylkesmann, general, admiral, Bjørn West-veteranar, mine damer og herrar!

    At Hans Majestet Kong Harald kom til Matre i dag for å foreta den offisielle opninga av Bjørn West-museet, er ei historisk hending og ei ære for kommunen vår. Det er første gongen, etter det me veit, at Masfjorden har vitjing av ein konge.

    Dei sju offiserane som kom til Masfjorden og etablerte ein base bak fienden sine linjer i oktober 1944, visste at det gjekk mot slutten for Det tredje tyske riket. Dei visste også at tida fram til krigens slutt ville verte hard. Sjølve sa dei at basen var eit stykke fritt Norge. Det gav inspi­rasjon og kamplyst. Me er stolte over at det er Masfjorden som startar fridomsjubileet som skal munne ut i ei storslagen markering i mai neste år.

    Eg synest muséet på ein god måte formidlar soga om Bjørn West, om sivil og militær motstandskamp på Vestlandet. Eg vil derfor gratulere stiftinga «Bjørn West-muséet» og rette ein takk til Ungdomslaget Framstig som tok initiativet i 1988 til å rette søkelyset, gjennom ei uts­tilling, mot det Bjørn West stod for.

    Eg vil takke dei mange som har ofra tid og krefter, og gitt økonomisk støtte til å levandegjere innsatsen til soldatane i Bjørn West. Muséet skal ikkje berre minnast dei som tok del i kampen for eit fritt Norge. Muséet skal formidle kunn­skap til komande slekter om det mange ofra for å bu i eit fritt land.

    Primus motor bak muséet sidan starten i 1988 har vore Jonas Riisnes. Han vart Masfjorden sogelag sin første formann då laget vart stifta i 1988 med det føremål å ta vare på kulturarven i kommunen. Jonas har i desse åra vore leiar i ar­beidsgruppe og interimstyre for å få til det me i dag ser resultatet av.

    Eg trur ikkje nokon vil protestere når eg seier at utan Jonas Riisnes sin innsats hadde me ikkje hatt eit Bjørn West-museum i Masfjorden.

    Masfjorden kommune ser Bjørn West-muséet som starten på eit prosjekt som kan omfatte fleire tilbod her i Indrefjorden. Me har samlingane i Trodalen, fornminne ved Matrehola, Hommelfossen og heile Matredalen opp til Stordalen der Bjørn West hadde hovudkvarte­ret sitt. I eit samarbeid, både kom­munalt og interkommunalt, vil muséet kunne bli ein viktig støttes­pelar i å formidle kunnskap til sku­leungdom og andre om vår fjerne og nære fortid.

    Dette er tankar og idéar Masfjor­den kommune vil utvikle og arbeide vidare med i samarbeid med fylkeskommunale og statlege styresmakter.