Skip to content

August Rathke på gamle tomter

    I år var August Rathke 17.mai-talar på Matre. August Rathke, som sidan 1984 er byrettsjustitlarius i Bergen og i dag leiar av Ar­beiderpartiet si gruppe i fylkesting­et, har fleire krigsminner frå Masfjorden.

    I februar 1944 vart han etter­søkt av tyskarane etter at to mots­tandsfolk var arresterte og hardt torturerte. Han var med i kommu­nistane sin illegale organisasjon og skulle arbeide med å få ungdom til Milorg. si aksjonsgruppe i Bergen, Sab.org. I motsetning til mange andre stader i landet var det samarbeid mellom kommunistane sitt illegale apparat og Mil.org. i Bergen, D.20.2. August Rathke sin kontakt var lingemannen Louis Pettersen.

    Etter at Quisling sin plan om å mobilisera norsk ungdom til tysk krigsinnsats vart kjent, vart det ei hovudoppgåve å finna dekningsstader for ungdom og seinare treningsstader for sabotasjeverksemd og krigsinnsats mot tyskarane.

    I Solund og Gulen var det ført inn våpen frå Shetland. Ein av dei som var med i denne verksemda var Leonard Schrøder Evensen i Bøvågen i Ytre Solund. Han meinte at Masfjordområdet var sers godt eigna som treningsområde. Suma­ren 1944 vart August Rathke og Willy Valentinsen sende til Masfjorden for å finna høvelege stader. Leonard Schrøder Evensen vart seinare, i september 1944, teken av Gestapo heime på garden sin. Han klarte å kasta seg over bord frå Gestapobåten utan at han hadde gjeve tyskarane noko opp­lysningar. Han er aldri funnen. Willy Valentinsen vart skoten av Gestapo under ein aksjon i Bergen i desember 1944.

    Rathke og Valentinsen reiste med ei sandskute frå Store Lungegårdsvann i Bergen i Juli 1944 og gjekk om natta i land på Solheim. Om morgonen rodde dei over til Solheimsøyna til Lars og Marta Solheimsøy som var kjende av mor til Rathke. Ho kom seinare saman med dottera, Anna Mathilde, til øyna. Rathke og Valentinsen fekk ikkje kontaktar i området omkring Solheim og mot Instefjord og Matre. Dei rodde då til Andvik der Rathke hadde kontakt med Erik og Olufine Hovland og Martinus Nordland på Åsheim i Nørlandsdalen. Martinus sa seg viljug til å ta imot folk frå Bergen.

    Dette vart ikkje aktuelt då. Ar­beidet me å skaffa treningsstader førde til at eit område ved Askelandsvatnet på Osterøy vart tatt i bruk. Det vart oppdaga av Gesta­po i november 1944.

    Etter at basen på Osterøy var tapt, reiste Rathke i begynnelsen av desember 1944 med D/S Mas-jord til Andvik og gjekk opp til Martinus Nordland for å få ein treningsstad for sabotasjeorgani­sasjonen hjå han. Martinus ga då uttrykk for at han var med i andre planar, slik at det ikkje vart aktu­elt då heller. I samsvar med kravet om ikkje å gje meir opplys­ningar enn det som var turvande, nemnde Martinus ikkje noko om at Bjørn West-folka alt var komne til Totlandsseter og BA II.

    Rathke reiste i Januar 1945 til Storbritannia med «Hitra». Han skulle få utdanning og trening og deretter reisa attende til Bergen og ta over leiinga av Sab.org. I Storbritannia gjekk han inn i Kompani Linge, men krigen slutta før han vart sendt attende til Bergen.

    I stova på Solheimsøya heng den dag i dag i glas og råme eit takkeskriv for hjelpa dei der ga til August Rathke og Willy Valentinsen.

    I 17.mai-talen sin kom Rathke inn på kor viktig det er for landet å ha eit truverdig forsvar. Han var ueinig i det som skjer med Forsvaret vårt i dag og meinte me står langt svakare i 1994 enn me gjorde i 1940.

    Den 9. april 1940 hadde me på Vestlandet 6.400 mann i første linje. 9. april 1994 har Hæren på Vestlandet berre 1.100 mann og fredsorganisasjonen til DKV som har vore på 260 befal skal byggjast ned til 60 årsverk.

    Under eit besøk på Bjørn West-museet fortalde Rathke om eit spe­sielt minne han hadde frå Masfjorden 17. mai 1940. Han var då 14 år og evakuert til Andvika. Og på ein svak, skurrande radio i butik­ken til Tomas Krossøy fekk dei inn den frie norske kringkasting frå Tromsø. På Andvika sat dei samla omkring radioen då dei høyrde Kong Haakon den sjuande talte, og så høyrde dei Nordahl Grieg lese det historiske diktet han hadde skrive til den dagen :

    «I dag står flaggstangen naken
    blant Eidsvolls grønnende trær,
    men nettop i denne timen
    vet vi hva frihet er.»

    Rathke vart høgtidsam då han mintest dette, og han las utanåt heile diktet.

    Som mange vil hugse, var Kongen og regjeringa i Nord Norge til 7. Juni 1940 då dei måtte forlate landet og reise til England.

    Ved monteren til sjefen for Bjørn West, kaptein Harald Risnes, der også brudebildet heng, mintest han at jenta han var forlo­va med, og seinare vart gift med, Odny Garnes, sat på Espeland som fange saman med Aslaug Bjordal som vart fru Risnes i Stor­dalen 5. april 1945. Også far, mor og syster til Rathke vart arresterte. Dei sat på Grini til frigjeringa.

    Etter at han kom til byen att, (18.05.94), har Rathke sendt museet kopi av eit opprop frå 01.08.44 frå Heimefrontens ledelse om boikott av mobilisering av norsk ungdom samt to eksemplar av den illegale avisa «Fortroppen», som han hadde skrive sjølv i mai/ juni 1944. Desse avisene gjev nøye instruks til dei aktuelle årsklassane om korleis dei skulle fylgje parolen frå Londom om ikkje å møte opp ved innkalling til arbeidsteneste.

    For Bjørn West-museet er dette spesielt verdfulle dokument å få, sidan det var nettopp trusselen om mobilisering av fem årsklassar som ga grunnen til at Bjørn West-basen vart oppretta.

    Jonas Riisnes