Skip to content

Bjørn West 1944 – 1945

    Bak tyske liner – bak minerad
    ljossløkt seig «Vigra» som best.
    Finnast her måtte ein skjulestad
    for kampgruppa kalla Bjørn West.

    Livbåten låra i haustkaldt hav
    med to av dei beste ombord.
    Grauttjukke gråskodda gøymsle gav
    for strandhogg i framand fjord.

    Ei kraftfull brumming, eit «lukke til»
    frå «Vigra» som stemde mot vest.
    Ei hand mot huva, eit velfarssmil —
    og borte var framand gjest

    Snart landskuggen rådde der karane fór
    på leit etter steinsett stø.
    To rundbøygde ryggar i taktfast ror
    for – «livet er meir enn brød».

    Ved stormvaska svaberg – eit gråna naust
    stod lutte mot lyngkledd knaus.
    To lingekarar i regntung haust
    tok lasta frå livbåten laus.

    Lågmelt dei lydde når båra braut
    og bylja slo tanggrodd stein.
    Augo saumfor kvar ting som flaut
    – og mørkret bar regntung grein.

    I mørklagt stove på Midtbø gard
    med rifler og ryggsekk sto spent
    to fåmælte karar som venta svar
    og hjelp ifrå den som var kjent.

    Midtbømannen gav hjelpa dei trong
    – snøgt måtte løynast kvart spor.
    Stein vart lasta i midtrom og rong,
    og livbåten søkt i fjord.

    Mens stjerner blinka i klårverskveld
    gjekk melding til vener i vest:
    «Våpen – og klede som varme held
    er det som vi saknar mest».

    Ei salryggja sæter – ei høyløe grå
    gav ly for kvar heimefrontmann,
    og snart det sprudest at folk var å sjå
    på skitur med våpen i hand.

    Fiendemakta med «ris bak speil»
    truga med terror og tvang,
    men norske gutar med hugen heil
    fann veg i sæterbu trang.

    Frå grønkledd Gestapo dei flydde
    mot fjella i Hordaland – nord
    til folka der passordet lydde
    til fridom for ven og for bror.

    Når kveldsmørkret kraup kringom knaus,
    når skodda låg lågt i li
    når snødrev og hagl i isvind fraus
     då sleit våre menn på ski.

    I måneljos natt dei venta dropp
    med utstyr, våpen og mat,
    for talet auka i Risnes» tropp.
    Det ofte var tome fat.

    Ein vårdag vakna i førtifem
    mens snøkledd låg fjell og fly.
    Til fridom og fred stod døra på klem
    for folket i bygd og by.

    Mot fiendemakt, mot terror, for fred
    vår unge soldat stod vakt.
    På den som’kje våpen kan leggja ned
    dei største bører er lagt.

    Det small over Klaven frå kvitkledd kar,
    det rauk frå ei pipe bak stein,
    mens sola gylte dei mange far
    og vassdropen draup ifrå grein.

    Til oss dei fridom – med livet gav
    for Noreg, for flagget, for oss.
    Vi ropar det ut over land og hav:
    «Dei møtte terror med tross!»

    Stordalen ligg der i sogeglans
    ventar på granne og gjest.
    Det alltid er festa ein minnekrans
    til soger og segn om Bjørn West.

    På minnedagen for femti år
    av ufredens siste akt:
    Om krig og ufred oss atter når
    for fridom vi alltid står vakt!

    Oktober 1994
    Johannes Hope