Skip to content

Rapport frå Matredal

    Her var slikt eit vakkert og fredfullt land
    herinne i Matredal.
    Men så vart det klårt at her var det sand –
    og då var det mange som sprang alt dei Og arbeid vart sett i gang
    med graving og lasting dagen lang
    ( og litt av natta med !)
    Så mange hus er bygd av sand
    så vel dei kan
    her i frå inste Masfjordland.
    Og oljegrus vart laga og sendt av stad
    til vegar og gater i Hordaland.
    Ja, den sanden den vart snøgt ført bort –
    om kort tid så er allting gjort.
    Her er ikkje meir å øyda nå,
    men stopp ein halv —
    EIN VEG skal gå gjennom Matredal!
    «Den legg vi gjennom siste rest av jord,
    den vegen den lyt vera rett
    og jord og hus lyt vekk!»

    Sjå, slik kan vise menn det laga
    når sjølve dei slepp bli plaga.
    Dei lova at ein sving skal leggjast MELLOMBELS
    Det finn eg ikkje rett!

    Eg meiner den skal vera støtt!
    Her er blitt ofra nok til samfunn og til stat.
    Eg bed : «La meg og mine bu i fred!»

    Malena Matre,
    21. februar 1981.