Skip to content

Masfjordsong

    Tone: Du gamla, du fria.

    Eg elskar deg Masfjord, mi heimbygd so ven,
    med bl
    ånande fjell og grøne lider.
    Med fossande elvar og skogklædte grend,
    og øyar, vikar, sund og djupe fjordar.

    Ein vårdag i Masfjord, kor er han vel blid,
    når soli ho skin på fjord og vidder!
    Når sumarsol varmar og skuggane glid,
    då er det f agert i dei lune lider.

    Frå høgfjell og sætrar er utsyn so klår.
    Det glitrar frå brear og tindar.
    Og havet so mektig om øygarden går,
    og fjordane dei smyg om nes og øyar.

    Og sundag til kyrkje eg gløyma ei kan,
    med båtar i rad og i rekkja.
    Når festklædde menner og kvinner og barn,
    og slekt og vener fyllte vesle kyrkja.

    Eg elskar deg, Masfjord, der fedrane sleit,
    og stridde for seg og alle sine.
    Dei rudde og bygde s
    å sveitten rann heit.
    Dei gav oss gard og grend og gode minne.

    Og me som drog ut ifrå Masfjord ein gong,
    me heimbygde aldri, aldri gløymer.
    Me minnest vår slekt og den heimlege klang,
     og tidt med lengting me om heimen drøymer.

    Me sender vår takk for det gode me fekk,
    de rusta oss ut for lange ferdi
    Med Gud i vårt hjarta me modige gjekk,
    med von og tru me stemnde ut i verdi.

    Me ynskjer Guds fred over heimbygdi kjær,
    Gud signe dykk gamle og unge!
    Og ut over livet og strevet me ser,
    til samlingsdagen stor for alle trugne.

    Martin Hope