Skip to content

Ei røyst frå grasrota

    Eit gamalt tun på ein gamal gard
    som ikkje lenger er det den var.
    Den vart plukka bete for bete i sund.
    Huset står att på ein liten grunn
    på skjelvande føter – og ventar bli revne opp med røter

    Fleire står fram og hevdar sin rett
    til resten av garden som var i vår ætt
    11-12 generasjonar i eitt – i farne tider som gjekk.

    Nå strekkjer dei hender i samfunnets navn,
    nå krevjest alt vårt til samfunnets gavn !
    Men kva med oss – kvar skal vi av ?
    Kva får vi att om vi gir oss og gav
    i frå oss heimen, jorda og alt. Kva får vi betalt ?

    Får eg att hus og heim og ro
    der eg trygt med mine kan bo ?
    Eg er ikkje ung lenger, – kjenner meg møydd
    og trøytt og sår -, at eg skal bli nøydd
    til å stride for retten min -.
    Det vert ikkje råd å leva her
    når vegen skal komma oss ganske nær
    og bilar skal osa forbi som ein foss.
    Sanden skal gravast vekk under oss.
    Utandørsanlegg vil BKK byggja.
    Kommunen vil industrianlegg tryggja.
    «Fisk og Forsøk» vil også ha rom,
    tomtar til hus det og ymtast om.
    «Framsteget» skubbar og trengjer seg på :
    Flytt deg, du gamle, så rom me kan få –
    eller sit der på bråtet og mimra – tel bilar –
    mens du høyrer på ståket og ventar — kviler —.

    Eg vert så oppøst, så øren, mest tom.
    Det kjenst som eit bein som bikkjer slæst om

    Malena Matre, 1982