Skip to content

Skulhusvaskje

    Skulen, det er ikkje berre lærarar og elevar. Andre grupper er óg svært viktige for at skulen skal gå sin gang, og ikkje minst var det viktig med reinhald. Tilsetjingstilhøve og løn har ikkje alltid vore i ordna former som no, det vart gjerne lagt på krinsen å finna ei løysing.

    «Lokale lønnsforhandlingar» kunne koma på tale, og det fins referat frå slike:

    Poetisk referat etter krinsmøte i Kvinge skule romjula 1951

    Tone: Husmannspolka….

    Fjerde dag jul var det krinsmøte her, trallala – trallala.
    Folke dei samlast frå fjern og frå nær, trallala – lallalla
    Me kvinnfolka ville ´kje gjera fortræ,
    og derfor so skulle dei og vera me,
    for vasking, nei me har ´kje greia på dæ, trallala – lallalla.
    Kom no alle kvinnfolkje, vær no litt truskyldige,
    vaska gratis skulhuse, so er de rektig snilde.

    Me diskuterte om laust og om fast, trallala – trallala.
    Spørsmålet var å få skulehuset vaskt, trallala – lallalla.
    Ein mann sa at to krone vaske var nøkk,
    men då fekk dei kvinnfolk som sat der ein støkk,
    eg trudde så menn at dei hadde fått brøkk, trallala – lallala.
    Kjære dæko kvinnfolkje, vær no litt tolmodige,
    skulehusvaske tek vel de – for seksti øre timen.

    Då løna for vasken ho vart slik som før, trallala – trallala,
    då fór nå vel samtlege kvinnfolk på dør, trallala – lallala.
    I stova ved sida der åt dei og drakk,
    og redde ut mannfolkje alt det dei rakk,
    og førde i det heile eit uhøvisk snakk, trallala – lallala.
    Men so slo ei bomba ned, då ei kjerring gav beskjed:
    «Vaska skulehuse kan de, som er so store i kjeften!»


    Den fyrste av mannfolka ho støtte på, trallala – trallala,
    han fauk opp i ilska, var fråbleik og blå, trallala – lallala.
    Og te å forsvara seg var han ´kje sein,
    han ansekte skar og på nasen han grein,
    han stod som ein marulk og knurra og rein, trallala – lallala.
    Ta no alt med velbehag, men du eig ikkje hjertelag,
    som gjorde Gjerten ill idag, so han fekk vondt i vombi.

    Saker å vaska med bydde ho fram, trallala – trallala.
    Nokre av oss tykte det var ei skam, trallala – lallalla,
    han Lång-Ola Dalen fekk bøtta og klut,
    han lutte seg ned og sæt bakenden ut,
    bevare meg vel før ein Storefjellnut, han skapte te tå hekken
    vaska, vaska Olamann, vær no lik han Ulabrann,
    han hadde ikkje vannskrekk han, som for som los på kysten.

    Den andre var skulekredsformannen vår, trallala – trallala
    På fire kring skulehusgolvet han går, trallala – lallala
    Jau, han syns eg jamen var verd ein applaus,
    med bøtta og vatn han slepte seg laus,
    so brillone derre og skalv på hans haus, trallala – lallala.
    Vaska, vaska rektig bra, dertil må du vera gla,
    hugs at du skal førega, oss med eit godt eksempel!

    Den tridje var ettersynsmannen i sør, trallala – trallala.
    Golvet det desse når på det han trør, trallala – lallala.
    Tenk heile den mannen han måtte te pers,
    han fór der og sveitta på kryss og på tvers,
    og held i det heile ein donders kommers, trallala – lallala.
    Kan du berre golvet nå, må du jamen klemma på,
    du har flesk å taka tå, du toler sikkert støyten.

    So for der ein utmager bonde og slong, trallala – trallala,
    med filla han galen rundt pultane sprong, trallala – lallala,
    men då sa han «Ettersynsmannen» te meg,
    nei kjøtet det bær kje i veien for deg,
    du er kje so nedlesst med plage som eg, trallala – lallala.
    Hei på deg og klem i veg, du «skyt ´kje feita» slik som eg,
    for det om du skal skunda deg, so du kan gjedna vaska.

    Om kvinnfolkje tenkte me alle i kor, trallala – trallala,:
    Dei sku´ vore sende i ned og i nord, trallala – lallala.
    At dei kan bevilga seg slik eit mandat,
    å sta ut i skulehusgongen parat,
    med vatn og kluta i bøtte og fat, trallala – lallala.
    Huff te donders kjerringmas, nei kvinnfolk, det er berre fjas,
    og vas og kaffislabberas – imillom jul og nyttår.

    Det gjekk ikkje lenge før golve var rent, trallala – trallala.
    Med mannfolkevasking det altid går svent, trallala – lallala.
    Tå nylaga kaffi me kjende ein eim,
    me løfta på bokso og stramde på reim.
    So vandra me slukøyrd og silæpa heim, trallala – lallala.
    No kan me so godt forstå, kva kjerringane steila på,
    tariffbetaling lyt dei få, for slikt som skulevaskje.

    Eivind Kvinge