Tiårsjubileum for Nordbygda pensjonistlag

Gode vener og grannar, ja gode pensjonistar
No er me her på Stordalen Fjellstove. Masfjorden si perle,
som inste gard til grensa mot Sogn.
Slik har det vore sidan grensa kom.
Ta skorne av. Du er på heilag grunn.
Kjenner du lufta, so lett og frisk, so rein og sunn.

Ei hylling til Stordalsfolket me no vil gjeva
til folket her inne som levde her, bar og streva
frå tidleg morgon til seine kveld.
Dei fann sin hugnad i livet her inne, mellom dei ville fjell.

No er det høgsumar med sol, regn og lyse netter,
men tenk deg å bu her – utan veg – i den lange mørke vetter
Vegen var lang til Matre då
dei måtte på sine føter traska og gå

ei heil dagsreis det var, og alt dei hit på ryggen bar.
Um hausten alt måtte vera i hus
før snøstormen kom med sus og brus
Då var det best å sitja inne, og kanskje på rokken spinne
og bjørkeveden knitra på grua, varma og gjorde stova lun.

Her var høgt til fjells, med nær himmel
dei fann sin Gud, langt frå verda sin vrimmel.
Og TRU dei fann på sin post: Han Torgeir nekta å gå frå dyra
då fienden kom, dei skaut både hesten og kyra.
Til sist dei alle husa brende, og Torgeir fann også her sin ende.
Han gav sitt liv for folk og land, me alle vil heidra minnet hans.
Tvillingane Magnus og Sverre med huslydane sine
kom heimatt til berre ruiner.
Men pågangsmot dei hadde, tok oppatt stellet,
søkte um hjelp og fekk bygt dette hotellet.

No er det køyreveg over grensa til Sogn
så no kan ein køyra med bil og campingvogn.
Me kom hit med buss, for mange av oss eit stort pluss,
me har ikkje bil og sertifikat, – då er det ekstra delikat
å vera pensjonist, få køyra i turbuss som turist.

I det skal ingen vera gamal, anten er dei ELDRE eller PENSJONIST.
I vår ungdom var kårmann og kårkona
dei ELDRE på garden – eller
GAMLEFOLKET.
Mange kårfolk på større gardar hadde gode kår og levde godt.
Men einslege gamle og slike som ikkje hadde kår eller pengar,
var ille ute – dei eigde knapt si eiga pute
måtte fara på legd – frå gard til gard
sitja i ei krå – utan sitt eige rom å få.
Det sosiale var fattigkassa, men den ville dei aller fleste trassa.

No har me folketrygda som mest kjem til alle hus i bygda.
No har heimehjelp og heimesjukepleie kome til.
Nokon ser fram til å verta pensjonist
då er dei framfødd og kan gjera som dei vil.
Andre synes det er heller trist:
Gå frå arbeid og ingen ting ha å ta seg til.

Men no kan og dei eldre få meir å gjera:
Reisa på Pensjonistkurs og meir få læra.
Fleire reisebyrå ynskjer å få
dei eldre til å reisa for meir å sjå
men óg for pengane deira å få.

Det er ikkje til å tru at verda kunne seg slik snu.
Men pengar er no ikkje alt.
Helsa og hjartefred me óg må ha med
om gamle eller pensjonistar me er.
Og så lyt me læra å kapitulera
om ikkje høyrsle og syn vil fungera
og redusera der kreftene ikkje alltid strekk til.

Men gildt det er å reise på tur – og vere saman i festleg lag
for LAGET vårt feirer ti-års-jubileum i dag.

Brita G. Haugsdal