Skip to content

Masfjordsongen

    – tileigna syskinringen –

    Då Gud skapte verdi – han skapte og deg
    du Masfjord – mi heimbygd – meg kjærast
    um burte eg fara – lell hugen den dreg
    til Masfjord – for du er meg nærast
    av alle dei Noriges bygder i rad
    og ikkje eg såg nokon venare stad
    kvar enn eg i verdi hev fare.

    Ja, Masfjord, kvar sambygding elska deg må
    som er utav Masfjordætt runne
    du kallar og lokkar oss heimatt å sjå
    om andre stad plass me hev funne
    for staden der heime hjå mor og hjå far
    den gildaste staden i verdi det var
    um enn me frå Masfjord laut fare.

    På heimlege tufter der Masfjord me såg
    alt frå me som born kunne minnast
    og bygdi sin fagerdom stemde oss fjåg:
    skal tru noko venar kan finnast
    enn Masfjord med skogkledde lider og fjell
    i solglans so bjarte frå morgon til kvell
    mens fuglesong tona frå lunda.

    Ja, Masfjord, vår heimbygd – me minnest so vel
    av dine kan ingen deg gløyma
    i heimen – i kyrkja så tidt me var sæl
    då livskjelda til oss fekk strøyma
    og nøra den heilage livstrongen vår
    dei minni skal leva – og faste dei står
    på grunnar som aldri kan svikta.

    Kvar ting i naturi som, Masfjord; du gav
    som Herren so raust let deg syna
    kvart tre og kvar runne, kvar blome på grav
    Guds herlegdom rett fekk me skyna
    i alt det du Masfjord av fagert bar fram
    og ikkje du heimbygd har gjort deg til skam
    for Gud heve skapt deg til æra.

    Forfattar ikkje kjend