Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Eitkvart om dampdrifta kan vera verd å nemna

    Dampkjelen var bygd av Ber­gens mek. Verksteder i 1893, god­kjend for overtrykk 4,2 kg/cm2 eller 60 psig som dei sa på den tida. Dampmaskina skal ha stått i ein liten slepebåt, då hadde ho 2 sylindrar. Bestefar tykte at denne maskina var heller veik. Han fekk ingeniør S.F.Schulze, kjelinspektør, til å rekna ut ytinga. Schulze skriv i mars 1904 at etter hans meining er maskina på 2,5 HK, det same som 1,85 KW.

    Far har fortalt at smeden, Knut Otterstad, ein gong sa at han skulle kunna stogga maskina berre med å setja kneet mot svinghjulet.  Etter eit lite bel rauk det så pass or broka at han gav opp.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16