Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    På biletet over er vist eit grunnrit av det gamle fargeriet frå 1898, eller rettare, korleis kjellaren i bustadhuset er i dag. Pressa og eldstaden kjenner me att, dei står som dei opphaveleg gjorde.

    På nordre langvegg stod kippen, det er enno merke att i golvet Vassklosettet kom til ein gong på 60-talet, etter at fargeriverksemda var nedlagt. Tidlegare var det her eit skåp for fargane. Det er venteleg at rominndelinga – og fargeskåpet – kom til etter at tilbygget som me no kallar fargeriet, vart bygd i 1904. Me legg og merke ti lat kjellaren er smalare enn huset, det vil seia at grunnen ikkje vart fullt utgraven i breidda.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16