Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Bestefar ynskjer seg dampdrift og stampeverk. Han treng også meir rom. Heimkomen går han straks i gang med utvidinga. Me veit at han søkte om å få kjøpa eit stykke av utmarka til prestegar­den. Staten er eigar. Det var synfa­ring i 1902, 1905 og 1907, deretter kom endeleg avslag. Bestefar ante nok at dette kom til å ta tid, og han hadde ikkje planar om å venta. Derfor leigde han grunn av E. O. Sandnes og bygde fargeriet austover ved å forlenga kjellar­muren på bustadhuset. Etter det eg hugsar fortalt, var det berre eit millombels tak på fargeriet dei fyrste åra. I 1908 vart turkeloftet bygd ovanpå fargeriet. Same året bygde bestefar naust ved stranda straks nedanfor fargeriet. På innsi­da av naustdøra står måla årstalet 1908 med store raude tal – det er å sjå den dag i dag.

    I 1904 hadde bestefar dampfargeriet sitt ferdig. Dampkjel og dampmaskin kjøpte han brukt av CHR M. Westrheim mek. Værksted &  Rørforretning i Bergen. Han kjøpte også røyr, røyrdelar, akslin­gar, reimskiver, lagerbukkar, stålskorstein osv., med andre ord, heile dampdrifta. Rekninga har 61 postar, den største er kr 1400 for maskin og kjel, den minste er på kr 0,14 for ein reduksjonsmuffe. Totalrummen er kr 1870,10.

    Bestefar kom opp i strid med Westrheim om levering av regula­tor til dampmaskina. Han tykte det tok lang tid før regulatoren kom. Me kan lett tenkje oss at det var eit slit å springa til å frå og passa på at maskina hadde rette farten. Regulatoren kom til slutt.

    Bestefar skaffa seg samstundes klubbstampe, skyljemaskin, ru-maskin og etter kvart også overskjæringsmaskin. Bestefar hadde innsett at dersom han ikkje kunne tilby stamping av tøyet, så vart det mindre med fargearbeid. Stamping vart frå gamalt av gjort med handemakt. Det var eit tungt og drygt arbeid. Menneskja fann tidleg ut at dei sterkaste musklane må bru­kast på langdrygt arbeid. Så då vart det å trø rundt på det fuktige tøyet i ein stamp.

    Klubbstampa etterliknar stam­ping med muskelkraft. Dei to til fire klubbene vart lyfte i tur av S-forma bogegangar, og dett ned to gonger for kvart kringsviv nett når bogegangen kjem forbi lyfteknas ten på klubbskaftet.

    Stampinga er heilt turvande for å gje tøyet ein betre struktur – det vert mjukare og tettare.

    Tilreiing eller overskjæring er handsaming av det ferdig farga tøyet. Først vert tøyet rua på rettsida i ruemaskina. Det er enkelt for­klåra ein større trommel med kardeborrar, ein frøkongle frå middelhavslanda. Konglen har hakar for å festa seg i pelsen på dyr, Jamfør borrelås av idag. Etter ruing og tørking går tøyet til skjæremaskina. Her vert loa kosta opp av roterande kostar og så avklipt i same lengd, 1-4 mm, av ein fastståande kniv mot roterande spiralar, nett som graset i ein trommelgrasklippar. Tøyet er sydd saman til ei endelaus lekkje, og går 3-4 gonger forbi kniven. Der­etter vert tøyet pressa og dampa.

    Etter at ruemaskina kom, kunne bestefar også ta på seg ruing av kvitlar. Tidlegare vart ruing utført med handemakt. Kardeborrar feste i ei ramme var verk­tøyet. Bestefar bytte brev med dei han hadde møtt på stipendiereisa si, og fekk mange råd og vink om farging, stamping og tilreiing.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16