Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Bestefar går i fargarlære og tek til med eiga verksemd

    Bestefar, Rasmus Nilsen Kvamsdal, var fødd i Kvamsdalen i Januar 1868. Til Sandnes kom han ofte i samband med kyrkje og landhandel, må me tru. Frøyset sokn, som Kvamsdalen no tilhøy­rer, vart fyrst skipa i 1930. På bu­tikken til far sin, Martinus Sand­nes, opphaveleg frå Indre Hope, ar­beidde sikkert Sygni, som han se­inare gifte seg med. Her på Sand­nes kan han ha høyrt om fargaryrket av Sjur Nilsen og Johan Bernt­sen, og funne ut at dette kunne det vera framtid i.

    I alle høve, bestefar byrja i fargarlære i Haus på Osterøy i 1886. Då han kom attende tre år seina­re, tok han til med fargeriverksemd i Urdi. Martinus Sandnes åtte etter det me veit husa her. Men det kan ha vore slik at det huset Sjur Nilsen innreidde til fargeri, og Johan Berntsen tok over, også låg her, og kanskje var det her bestefar tok til med verksemda si. Meir truleg er det likevel at bes­tefar byrja i eit eldhus som tilhøyr­de Martinus.Det har óg vore nemnd at kanskje dreiv bestefar i den store sjøbua i Urdi, riven rundt 1950. Eg hugsar at det var eit mura kar der, men det kunne ikkje vera høveleg for føremålet. Etter mi meining må dette ha vore eit kar for barking av til dømes nøter. Eg hugsar eit liknande kar i nothuset på Sandnes, som også låg heilt nede i flomålet.

    Bestefar dreiv i Urdi i 9 år.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16