Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Martinus R. Kvamsdal tek over

    Han var nok ikkje gamle karen, far min, då ha byrja hjelpa til i fargeriet, nett som dei endre brørne. Dei fann seg etter kvart arbeid i Bergen. Båe døydde unge, på tjuetalet, berre omlag 30 år gamle.

    Far gjekk på handelsskule i Bergen. Deretter fekk han seg utdanning i fargaryrket. Han var eit halvår hjå fargar Berg i Stein­kjer der bestefar var innom på si siste stipendiereise eit tiår tidlega­re.

    Far lika seg godt i Steinkjer. Berg var på mange vis ein fargerik mann. Han vart landskjend for sine forteljingar om Martin Kvennavika og karane hans som fer­dast rundt heile verda i Surikjek­ta. Denne skøyta kunne sigla like godt i lufta som på land.

    Fargeribygningane kom bort under krigen i 1940. Einaste minne no er nokre gatenamn, men folket hugsar Berg. Eg spurde ein mann på landbruksmuseet på Egge ved Ste­inkjer i sumar etter fargar Berg. Han spurde tilbake om eg hadde lagt merke til ein liten bensinmo­tor millom dei andre motorane og treskeverka. Han fortalde at Berg tala så varmt om motoren si vel­signing at det kom i gang ikkje mindre enn tre motorverkstader på 20-talet, ein av desse laga den vesle motoren ein gong i millomkringstida. Det høyrer med til soga at alle verkstadene er borte no.

    Elles fortalde far om ein slede på Snåsavatnet driven av flymotor og luftpropell. Det gjekk ofseleg fort. Nett som bestefar, var far sterkt interessert i teknologi. Båe var dugande i fleire handverk – dei måtte sjølve kunna vøla maskiner og anna i fargeriet.

    Far var også 6 månader i Tys­kland hjå Hoechst, ei stor kjemisk verksemd i Frankfurt . Her lærde han å bruka anilinfargar – framifrå fargestoff som er lette å arbeida med. Dei kan blandast i alle ny­ansar.

    Det høyrde med til utda­ninga å farga ei rad med prøver. Ullfarging er enklare enn farging av bomull. Då må andre fargestoff nyttast. Etter måten var det svært lite etterspurnad etter bomullsfarging. Nemnast skal og at det finst stoff for å trekkja ut fargen or tøy som skal fargast om, noko som er naudsynt når det gjeld lyse fargar. Før far fór til Frankfurt, lærde han seg tysk hjå sokneprest Berg.

    Farging med dei nye emna går føre seg ved koking i surt bad. Mengda av fargestoff vert rekna ut som ein prosentdel av tøyvekta. Etter koking i omlag ein time, er så godt som alt fargestoff trekt inn i tøyet og vatnet er mest heilt klårt. For å få fargevatnet surt, vart glaubersalt og svovelsyre, sjeldnare eddiksyre, tilsett. Glaubersalt eller naturiumsulfat er kalla opp etter ein tysk lækjar og kjemikar på 1600-talet. Eg hugsar at når beista på garden fekk vanskar med magefunksjonen, kom folk og kjøpte nokre hekto glaubersalt.

    Sterk svovelsyre er etsande, ho løyser opp alle organiske emne. Syra frys alt ved 10 grader, og det kunne vera vanskeleg å få nok ut or ballongen på kalde dagar. Fargeriverksemda trong fleire kjemis­ke emne i tillegg til dei som er nemnde, så som sterkt vaskepulver til stampinga, soda til matevatnet åt dampkjelen, rensevesker, og ikkje minst, alle fargane i blekkboksar i fargeskåpet i midtkjellaren. Far innprenta kor farleg nokre av dei var, men det var aldri på tale med lås og slå, slik miljøvernlovene no.krev. Far tok over verk­semda tidleg på 30-talet. Han held fram nett som bestefar til fargeriet vart lagt ned i 1954.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16