Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Den 2. stipendiereisa.

    Bestefar såg etter kvart at verk­semda enno ein gong trong å ut­vidast og å gjerast meir tidhøveleg. Klubbstampinga var mangelfull, og no byrja dei nye kjemiske fargane å koma for fullt. Dei var enkle å bruka, dessutan var dei heilt lysekte. Han tok til å planleggja si neste reise, og søkte i 1910 om nytt stipendium. Fyrst på seinsumaren 1913 kom han i veg. Vil­kåra for stipendium var no skjer­pa. Han måtte ha ein kausjonist som gjekk god for at reiserapport ville bli utarbeidd og innlevert. Bestefar fekk lærar Gustav Steine til å skriva på. Dessutan var det ynskjeleg at stipendiaten arbeidde under opphaldet hjå dei han skulle vitja, og såleis skøytte på stipendiepengane, kr 150,-.

    På sida attmed er vist eit kart der dei to stipendiereisene til bes­tefar er teikna inn. Også denne gongen for han fyrst til Trondheim – til sine gode vener Brænne og Aune, den siste hjå Schølbergs farveri. Han reiste vidare til Levanger og så til Steinkjær, der han var eit drygt bel hjå fargar H. Berg. Deretter fór han til Orkdalsøyra. Hjå fargar Sivertsen legg han merke til at spillvarme frå fargeriet vert nytta i eit folkebad, «en for folkehelsen så verdifuld indretning», skriv bestefar i reiserapporten. No er Jarnvegen komen over Hardang­ervidda, så han fer heim over Hamar og Voss og vitjar fargeriverksemder båe stader.

    Det er særleg tre saker som hende på denne reisa. – Bestefar tinga ny valke i Steinkjer, dei var bygde her. Denne valka står fram­leis i fargeriet. Her vert tøyet pressa inn i eit slok eller renne av to motgåande rullar, båe er drivne. Hermed vert tøyet bretta saman og arbeidd svært effektivt. Øvre del av renna eller taket kan regulerast med vekter. Tøyet skal vere fuktig. Det vert sett til såpe eller vaske-pulver i det varme vatnet som langsamt vert tømd på tøyet medan det går i valka, som dreg så mykje effekt, 3-5 kw, at tøyet vert varmare etter kvart av friksjonen!

    No måtte det til ny dampdrift. Dampkjel kjøpte han brukt medan han var i Steinkjer, frå Binde meieri i Stod herad millom Snåsa og Steinkjer. Dritftstrykket er 7 kg/cm2, heteflata 26 m2. Kjelen kom i drift i oktober 1915 etter innmuring og bygging av den høge mursteinspipa slik me ser ho idag. Ei tidhøveleg dampmaskin på 12 HK av engelsk opphav vart og installert. Eg har ikkje funne opplys­ningar om kvar maskina kom frå, truleg var det frå same meieriet. Dampkjelen var bygd av Ørens mek. Verksted i Trondheim i 1903.

    Kvar den gamle kjelen tok vegen, veit eg ikkje. Maskina deri­mot vart sett til side, og på 40-talet sette far min og eg ho opp i skuret, kopla til damp, og bruka ho til å driva ein slipestein og ein tredreiebenk.

    Teikninga over er eit rit av fargeriet slik det står i dag.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16