Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Arbeidet i fargeriet fram til 1904

    Til farging kom framfor alt heimevevd tøy, vadmål, einskjefta og garn. Noko ull vart og farga. Kippen, fargekaret, var den vikti­gaste hjelperåda. Kippen var delvis nedmura i golvet, og rymde 600 liter. Farginga gjekk mest føre seg ved låg temperatur. Nemninga «kipp» eller «kype»  vart og nytta på fargebadet, det vil seia blandinga av vatn og ymse emne i kippen. Her er ei oppskrift:

    Pr.1001.
    50 g lim
    50 g soda kalk
    50 g konsentrert hydrosulflt
    150-300 g Indigo MLB, alt et­tersom ein ynskjer lys eller mørk nyanse.

    I kippen vart det mest farga indigo, ein mørk blå farge. Farges­toffet var eit mineral, det kom i klumpar. I midtkjellaren heng ei malmgryte, og der er nokre 5 kilos Jarnkuler som vart nytta til å knusa mineralet i gryta. Det som skulle fargast vart lagt i og teke opp att fleire gonger. Mellom kvart «drag» vart det tilsett mineraler og farge. Det vart mykje botnfall etter denne prosessen, men likevel freis­ta fargaren å ta vare på innhaldet i «kippen» så lenge som råd. Til slutt gjekk vyrket gjennom ein beiseprosess for å festa fargestoffet.

    Nokre gongar vart det nytta blod som kom i spann frå slaktehuset i Bergen. Om sumaren var det ikkje alltid lett å unngå at blodet vart skjemd, men det kunne brukast li­kevel.

    Den store utfordringa for ein kvar fargar er å få fram den ynskte fargen, og at fargen er lysekte. Det var eit krevjande hand­verk, der det var turvande å kjenna til ei rekke fargeemne og korleis dei skulle nyttast. Fleire oppskrifter er tekne vare på. Dei mest innfløkte krev handsaming i opp til ni ymse bad innan beising og skyljing.

    Bestefar hadde gjort ei svært viktig investering då han flytta verksemda til det nye huset i 1898 – pressa. Med denne kunne han levera tøy med jamn og glatt yte, noko som vart høgt verdsett når finare klede skulle syast.

    Pressa var i bruk heilt til fargeriet vart nedlagt. Det er ei skru-presse med pressflate på 95×75 cm. Tøyet som skulle pressast, vart lagt «fram og attende» millom papp-plater inntil «pakken» vart 15 – 20 cm tjukk. Opp til 10 pakkar kunne pressast sam­stundes. Nærast kvar pakke vart lagt 12 mm trebord for å bremsa varmen. Deretter fylgde 2 mm stålplater, og millom desse varme jarnplater. Desse var 12-15 mm tjukke og 20 cm breie. Det vart nytta tre slike plater jamsides millom kvar pakke. På denne måten kom varme til tøyet, noko som trengs for at pressverknaden skal vara. Platene vart heta i grua. To vart sett opp til vangar, og dei andre sett på høgkant med langsi­da på vangane. Millom kvar plate vart sett eit brotstykke frå t.d. takpanner for at varmen frå veden – tunnkløyva heile vedskier – skulle koma til. Når platene var lageleg varme, måtte pressa «setjast» fort. Dørene skulle vera attlatne for å unngå trekk. Til slutt var det å skru til pressa med ei 2,5 m lang stong. Etter nokre timar måtte det skruast ein gong til. Dette var tungt arbeid.

    No kan ein undra på kva ein gjer med dei upressa stripene millom kvar pressa yte. Då bestef­ar byrja med pressinga i 1898 og vidare utover, var det ikkje anna å gjera enn å pakka om og pressa ein gong til. Dermed tok heile pro­sessen tre til fem døger. Seinare, etter at den fyrste dampkjelen kom, vart tøyet etter fyrste pres­sing rulla opp på ei perforert røyr. Så vart det sett på damp. Dermed vart stripene dampa bort og tøyet fekk til og med ein enno betre ut­sjånad og struktur enn pressing åleine kunne gje.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16