Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Den siste saka bestefar skriv om frå si siste reise, er nye fargekar. Han kjøpte eit slikt i Steinkjer, og fekk laga eitt til. Desse er av tre. Den eine kortsida skrår innover og endar i ein fin avrunding mot botn. Opp­varminga er med damp gjennom eit rør som endar i eit smalt, avskilt rom med den andre kortveggen. Tøyet vert førd rundt i karet av ein reimdreven haspel. Det fyrste fargekaret er no borte, det rotna vekk. Utanom desse to fargekara, er det 4 runde av mindre storleik, alle av kopar. To er indirekte oppvarma ved ei ytre dampkappa, to har direkte opp­varming ved at damp vert tilført ein sump i botn. Det største av desse koparfargekara skal ha kome frå eit dampkjøkken i Bergen. Då var det fortinna inni.

    Alle fargekara har framlagt vatn og damp. Ikkje nokon oppvarmingsmåte er så godt egna som damp. Det går fort, og varmen kan regulerast frå ingenting til full verknad på augneblinken, berre med ein enkel ventil.

    Sentrifugen midt på golvet i fargeriet skal vera den siste maskina bestefar fekk tak i, truleg på 20-talet Opphaveleg var sentrifugen for handdrift med to sveivar. Bes­tefar tok bort den eine og ordna med reindrift frå hovudakslingen under taket. Sentrifugen vart nytta til å få mestedelen av vatnet ut or ull og gam.

    På tørkeloftet over fargeriet stod skjæremaskina. Elles tok kjeltoppen med dampdom og tryggingsventilar stor plass. På loftet stod også eit apparat for damping av ymse tøy og klede, på skap som eit stort, innhola strykebrett med tilføring av damp. Dessutan var der eit vanleg strykebrett, og stol for å rulla opp ferdig turka stampetøy. I austre krå over dampkjelen stod eit kar for å varma vatn med av dampen frå dampmaskina. Dette karet kom bort før eg kan hugsa, men dampspiralen er enno der. I eit mindre rom i vestre kråa er det no eit badekar med dam­poppvarming. Opphaveleg låg det her ei ribberøyr på golvet for turking av farga ull på ramer med flugenetting.

    Rikeleg og sikker tilgang på vatn er heilt turvande for eit fargeri med stampeverk. Bestefar la inn vatn frå ei oppkome på garden hans Emanuel O. Far fortalde at brått kom vatnet bort, det hadde kome ei sprikke i botn på den vesle kjelda etter eit av dei små jordskjelva me kan ha på Vestlan­det. Det vart sett i gang graving. Lukkelegvis fann dei vassåra då dei nådde fast fjell 2-3 m under yta. Så vart det mura ein skikkeleg brunn av naturstein. Til tetting utanfor vart tilkøyrd myrjord. Sidan har dette vore ei sikker kjelde som aldri har vanta vatn.

    Galvaniserte jarnrøyr vara ikkje så lenge, og under siste krig hugsa eg at dei måtte skiftast ut med trerøyr frå Ingvald Areklett., indre di­ameter 38 mm. Då desse byrja rotna, berre omlag to år seinare, vart det tredd plastrøyr inni.

    Tilsiget i kjelda er ikkje så stort, ho vart tappa heilt ned på ein arbeidsdag i fargeriet. Dagen før måtte difor alle kar og skyljemaskina fyllast. Ei stor vasstunne stod på turkeloftet ovanfor skyljemaskina, frå tunna kunne skyljemaskina fyllast to gonger. Tunna var opphaveleg eit standard vinfat frå Vinmonopolet i Bergen. Diverre byrja tunna å leka, så far tok ho bort på 40-talet. Oppå tunna stod dei store trekassane kardeborrane kom i.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16