Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Sluttord

    Marknaden – for å nytta eit ord i tida – for fargeriet på Sandnes, var i hovudsak Nordhordland og Sogn sør for Sognefjorden og aus­tover så langt som til Vik herad. Men det hende at det kom vevar frå ymse stader rundt i landet. Det kunne vera frå utflytte eller andre som hadde fått kunnskap om verk­semda.

    Det vart gjort avtale med «kommisjonærar» rundt i distrik­tet, gjerne lokale handelsmenn som tok mot arbeid, sende det til fargeriet og leverte det ut att mot prosentar.

    På neste side er vist døme på brevpapirtrykk frå «R. N. Kvamsdals Farveri» i fleire utgåver frå ymse tider. Me legg merke til at bestefar nytta riksmål. Han var li­kevel med i eit målleselag, men det vart aldri til at han skreiv nynorsk i arbeidet så langt eg har funne ut. Far fekk prenta brevark med ny­norsk tekst – han rådførde seg i denne saka med Arne Kjos. Eg har berre funne eit døme – «Kvamsdals Fargeri».

    Det var – og er – vanleg for småindustri at same husa vert nytta både til bustad og verkstad. Dette har hatt mykje å seia for ar­beidet i hus og verksemd, også her. Kvinnene i huset passa på å ta klesvasken dei dagane det var fyr oppe. Etter at fargeriet vart nedlagt, var det naturleg å ta noko i bruk til bustadføremål.

    Det har vore hugnadleg å skriva ned dette om fargeridrifta på Sand­nes. Kanskje vert det høve til å finna ut meir, kanskje reisa til nokre av dei stader bestefar og far vitja på sine reiser for å læra fargayrket, og finna ut kva som hende med verksemdene. Det er også verdt å nemna at vadmålet no vert etterspurd til mellom anna sportsklede. På Røros er vevstola­ne i bruk, og der er både stampeverk og fargeri.

    Rolf Kvamsdal, Trondheim.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
    « Forrige1 ... 1415 16