Bestefar byggjer hus med fargeri i kjellaren.
1 1887 kjøper Rasmus ei hustuft for kr 420 av Emanuel O. Sandnes på bnr.2. Emanuel kom opphaveleg frå Kvamsdalen, og han og Rasmus var i slekt. Han tek straks til med bygginga.
Bestefar var ein noggrann og arbeidsam mann. Han førde rekneskap over alle utlegg i samband med bygginga. Det kan vera forvitneleg å ta med noko frå bestefar sin rekneskap. Diverre er ikkje postane dagsett. Byrjinga er slik:
| Kontragt | kr 0,50 |
| Bygsel | 150,00 |
| Borer | 4,36 |
| Krut, lunte | 8,00 |
| Hvessing av bor | 0,70 |
| Borthjuling av grus, 2 1/4 dag å kr 1,60 | 3,60 |
Slik held det fram, nokre større postar:
| Material til glas og dører | kr 123,75 |
| Oppmuring av kjelderen | 135,00 |
| Arbeidspenger, frå skuden til bryggen | 2,4 |
| Frå bryggen til grunden | 5,00 |
| Skiferstein | 190,40 |
| Planker og fragt nordenfra | 327,90 |
| Komfyr og ovn med rør | 107,00 |
| Kloakkledning | 30,00 |
| Vandledning | 180,00 |
Sluttsummen er kr 5.412,86, medrekna tufta for kr 420,-.
Rasmus har óg ført nøye rekneskap med kva han har lånt hjå gode grannar, til dømes 50 stk. 4 toms galvanisert spikar hjå Emanuel og 2 bord 3/4 x 8 toms, 6 alen lange hjå Arne.
Bestefar fører eigen rekneskap over bygginga og innreiinga av fargeriet. Dei største postane er:
| Kipp | kr 145,00 |
| Kædel | 25,00 |
| Presse.plater | 500,00 |
| Kædel | 40,00 |
| Bytur ang.pressen | 10,00 |
| Mursten og kalk | 25,00 |
Sluttsummen er kr 1.053,95 og kjem i tillegg til kostnadene for huset.